Lærdal har hatt Frisklivssentral oppe og gå i over to år og tilbyr fleire kurs og grupper for førebygging av helseplager, blant anna BraMat-kurs, stavganggrupper og røykesluttkurs. Aurland er no i startfasen av å etablere sine tilbod innanfor friskliv. Med å skipa ein felles Frisklivssentral håpar me å kunne gje eit samla godt og breitt tilbod til innbyggjarane i dei to kommunane.

Prosjektgruppa består av fysioterapeutane i Lærdal og Aurland, samt ergoterapeuten i Lærdal. Me søkte i vår på tilskot frå Fylkesmannen til prosjektet, og fekk innvilga 200.000 til prosjektperioden fram til 1. april 2018.