English Deutsch  
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:

Prestasjonsstipend til unge idrettsutøvarar frå Aurland

Sander og Mario Foto Olav Terum
Sander og Mario Foto Olav Terum

Sander Sekkingstad Terum (friidrett) og Mario Baltov Midje (boksing) blei på Aurland IL sitt årsmøte den 25. januar heidra med Flåm Utvikling sitt prestasjonsstipend for gode sportslege prestasjonar i 2011.

Sander vart i fjor ungdomsmeistar på 2000 m hinder, han fekk bronsemedalje på 3000 m hinder i senior-NM og tok dessutan bronsemedalje på 1500 m innandørs i ungdoms-NM. Han har òg vore sigerspallen i fleire store stemne i Noreg og i Gøteborg.

Mario har utvikla seg vidare som boksar, og vann mellom gull i B-NM og i eit stort stemne i Askim. Han gikk òg til topps i eit større boksestemne i Bergen. Begge to har god treningsdisiplin og er flotte idrettslege førebilete. 

 

Kontaktinformasjon

Telefon: 57 63 29 00
Telefaks: 57 63 29 01
SMS: 959 84 649


E-post:
post@aurland.kommune.no

Besøksadresse:
Rådhuset
Aurlandsvangen

Opningstider:
Måndag-fredag 8.00-15.30

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland

Organisasjonsnummer: 964968063
Kommunenr.: 1421

Web levert av CustomPublish AS