Det ligg føre grunnlagsdokument frå konsulentfirmaet RO og oppnemnd arbeidsgruppe. Kommunestyret har gjeve eit konkret mandat til arbeidsgruppa. RO er engasjert til å vera med i det vidare arbeidet, med oppstart i veke 2. Kommunestyret har vedteke at dette arbeidet skal ha høg prioritet.

Vedtaket i komunestyret (15.12.16):
Kommunestyret ber prosjektgruppa halde fram arbeidet med å utvikla tenestetilbodet og organisasjonen. Arbeidet skal ha høg prioritet. Prosjektgruppa skal nytta ekstern hjelp.

Kommunestyret viser til RO-rapporten og framlegget frå prosjektgruppa og legg til grunn at desse områda skal ha prioritet i det vidare arbeidet:

• Tenestestandard og serviceerklæringar
• Turnus og arbeidstid med heiltidskultur
• Vidare vurdering av organisering og leiing
• Prosjekt kvardagsrehabilitering
• Prosjekt spesialomsorg
• Planlegging av omsorgsbustader i tilknyting til Helsetunet, med rehabilitering/riving av eksisterande bygningsmasse, bruk av eksisterande bygningsmasse på Vårdraum og utnytting av tilgjengeleg tomt.

Prosjektgruppa rapporterer til kommunestyret 6. april 2017.

Prosjektgruppa orienterer utvala for omsorg, oppvekst og kultur (OOK) og prosjekt, drift og eigedom (PDEU) 13. februar 2017 om framdrifta i arbeidet.