Individuell plan - noko for deg?
Dersom du har behov for langvarige og koordinerte tenester har du rett til å delta i ordninga med individuell plan
Ordninga består av:
- ein koordinator
- ein planprosess, det vil seie kartlegging av ressursane, moglegheitene
og behova dine, og kva dine næraste og hjelpeapparatet kan bistå med.
- Jamleg revisjon av planen din
Ordninga skal sikre samarbeid mellom aktuelle instansar og tenesteytarar om å yte deg eit heilheitleg, samordna og individuelt tilpassa tenestetilbod i tråd med gjeldande lovverk på dei aktuelle områda.
Du har rett til å vere med i planarbeidet, og tenesteapparatet skal legge til rette for det. Ordninga er meint å avklare ansvarsforhold og sikre samordning av tenestene dine. Ordninga skal og sikre deg innverknad på tenestetilbodet ditt og den skal sikre deg ein tenesteytar som har hovudansvar for å følgje deg opp.
Retten er heimla i helse- og sosiallovgjevinga, men gjeld og andre etatar enn helse- og sosialtenesta. Meininga er at individuell plan skal omfatte alle tenester. Planen skal ikkje utarbeidast utan ditt samtykke, med mindre du er underlagt tvunge psykisk helsevern.
Alle opplysningar om deg er underlagt reglar for teieplikt. Det inneber at du også må gje samtykke dersom koordinatoren din skal gje teiepliktige opplysningar om deg til andre tenesteytarar.
Ønskjer du å ta del i ordninga?
Ta kontakt med ergoterapeut Anna Karine Marstein ved helse- og sosialkontoret, som har ansvar for individuell plan her i kommunen. Alle tenesteytarar skal imidlertid kunne gje deg informasjon, og dei kan hjelpe deg å komme i kontakt med Marstein.
Dersom du har rett til å ta del i ordninga vil det bli oppnemnt ein ansvarleg koordinator som har ansvaret for deg og for å leie planarbeidet. Du har rett til å påverke kven som blir koordinatoren din.
Dersom kommunen meiner du ikkje har rett til å ta del i ordninga, kan du klage. Du kan og klage dersom planprosessen eller planen er mangelfull, dersom du ikkje får medverke i planarbeidet og dersom helse- og sosialtenesta viser manglande vilje til samarbeid. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er klageinstans.
Hugs
Dersom du tykkjer det er vanskeleg å møte tenesteapparatet åleine, har du rett til å ta med ein medhjelpar i møte med hjelpeapparatet og i arbeidet med den individuelle planen.
Planprosessen og planen skal gje eit realistisk bilete av dine behov for stønad, hjelpemiddel, tiltak og tenester, og dette biletet kan bidra til at du får eit meir skreddarsydd tenestetilbod, men ein individuell plan gir ikkje utvida rett til tenester.
Anna Karine Marstein, konsulent for rehabilitering og ergoterapi