Tenesteleiar:
Kari Voldum
Tlf. 57 63 18 60 / 959 846 55
Adresse:
Aurland Helsetun
Skjerdalsvegen 31
Kontortid:
Måndagar og torsdagar
kl.08.00 – 15.30
Dagleg leiar:
Grete Helene Sæterdal
Tlf 95 98 46 42
Soneleiarar:
Aurland /Vassbygdi/Gudvangen:
Inger Lise Dale
Tlf 95 98 46 27
Flåm/Undredal:
Marit Irene Aas Nesheim
Tlf. 95 98 46 41
Pasient- og brukarombodet i Sogn og Fjordane
Pasient- og brukarombod er ei statleg ordning som er lovfesta i Lov om pasientrettigheter kapittel 8, og skal ta vare på pasientane og brukarane sine behov, interesser og rettstryggleik.
Det finst ombod i kvart fylke. Ombodet sitt arbeidsområde er offentlege spesialisthelsetenester og kommunale helse- og sosialtenester.
Pasient- og brukarombodet er ein rådgjevande instans for pasientar og pårørande. I 2010 hadde omboda nesten 15000 førespurnader på landsbasis. Omboda er sjølvstendige og uavhengige, men har ikkje formell makt. Pasient- og brukarombodet har såleis ein uavhengig posisjon.
Omboda har teieplikt og ordninga er gratis. Dei som vender seg til ombodet kan krevje å vere anonyme. Både pasientar, pårørande og helsepersonell kan ta kontakt.
Pasient- og brukarombodet kan gje informasjon om kva rettar ein har som pasient og/eller brukar i den offentlege helsetenesta. Omboda kan gje råd og rettleiing og hjelpe med å formulere og vidareformidle spørsmål og/eller klager. Omboda kan også bidra som konfliktløysar og hjelpe til i dialog med helsepersonell/sjukehus, sjukeheimar, allmennlegeteneste og andre som gjev helsehjelp og sosiale tenester.
Kontaktinformasjon:
Pasient- og brukarombodet i Sogn og Fjordane, Storehagen 1, 6800 Førde
Telefon: 90246678
