Forprosjekt energi- og miljøsats (EMSA) har i løpet av dei siste fem månadane undersøkt moglegheitane for hydrogen- og biogassanlegg i Aurland kommune. Det er vanskeleg å spå framtida, men i ei nullutsleppsframtid vil det sannsynlegvis vere behov for noko hydrogen saman med batterielektriske løysingar i Aurland. Behovet vil vere størst hjå tungtransport og hurtigbåtar. Behovet både på sjø og land vil sannsynlegvis kunne dekkjast av ein hydrogenfyllestasjon.

Idéen om eit biogassanlegg i eit veksthus, kombinert med plantebasert reinsing av avlaupsvatnet i Flåm, arbeidsnamn «Vinterhagen», vart lansert. Dette gjer det mogleg å ta imot avlaup frå båtar og cruiseskip. Eit slikt anlegg skal òg vere ein attraksjon og foreslått innhald er kafé, utstillingar og kontorlokale for bedrifter med fokus på bærekraft. Det finst mange moglegheitar for innhald i eit slikt lokale.

Presentasjonen kan du lese her ( pdf)