Familieekspedisjonen vist på NRK-TV, musikkvideo med kinesisk megastjerne, Toro levert-kampanje og kanskje nye episodar av Vikingane spelt inn i Gudvangen. 2018 har opna med ei rekkje positive og populære mediaoppslag frå Aurland. Arild Dyrdal, Ottar Stegen, Alf Strømsnes og mange andre framstår som flotte ambassadørar for kommunen vår. Den facebook-replikken eg likar alle best kom frå Alvhild Hovland Winjum då elevar frå ABU serverte mat i Røde Kors-huset: «Me har fantastiske ungdommar i bygda». Det er eg absolutt samd i.  Det er utruleg viktig at me ser framover. Dei fantastiske ungdommane våre skal ikkje berre få ein god stad å bu og arbeida, dei skal sjølve vera med på skapa framtida og realisera draumane sine. Me må satsa på ungdommen.

Me har for tida mykje å gleda oss over i Aurland.

  • Framgang og gode resultat i næringslivet

  • Store investeringar både privat og offentleg

  • Omstilling og nyskaping

  • Fleire bustadprosjekt

  • God skatteinngang

  • Låg arbeidsløyse

  • Lågt sjukefråver

  • Mange unge arbeidstakarar og fleire lærlingekontraktar

  • Lensmannskontor med 4 tilsette

  • Sogn Jord- og hagebruksskue – modernisert og styrka for framtida. Søndag er det lansering av boka «Ysting».

  • Flotte idrettsprestasjonar

Reiselivet i Aurland har hatt ei svært god utvikling dei siste åra. Omsetninga har i løpet av knapt 20 år har auka frå 80 mill til 700 mill. kr.  Ein har lukkast med få trafikk heile året. I dag kan me lesa i Sogn Avis at Flåmsbana i januar har auke i reisetalet med 8 % i høve til 2017.

Aurland er ikkje berre ein stor reiselivskommune, men og handelskommune, med fjerde største omsetning pr. innbyggjar i fylket.  Det er stor aktivitet også i andre næringar, som bygg- og anlegg, handverk, produksjon, service og landbruk. Det samla jordbruksarealet er ikkje redusert og det vert gjennomført nydyrking.

Aurland kommune leverer gjennomgåande gode tenester til innbyggjarane. Det gjeld i barnehagar, skular, helse, omsorg, kultur og tekniske tenester. Våre tilsette gjer ein god innsats.

Aurland er ein kommune i framgang, men på ingen måte ein kommune utan utfordringar.

  • Bustader – få tilgjengelege tomter pr. i dag

  • Store krav til Infrastruktur og tilrettelegging av areal

  • Planarbeid og gjennomføring av investeringar er ressurskrevjande og ofte med kryssande interesser

  • Kraftkommunane har rettkome krav til del av verdiskapinga i kraftproduksjonen, denne retten må sikrast. I tillegg er det viktig å ta krafta i bruk.

  • Det er sterke krav og forventningar til framdrift og tempo i saker, og som ikkje alltid vert innfridd

  • Skrantesjuke på rein

Aurland kommune skal halda fram som eigen kommune. Samstundes er det heilt klart at me ikkje kan løysa alle oppgåver åleine.

Det kjem nye krav og oppgåver. Dette gjeld særleg på viktige tenesteområde som helse, omsorg og barnevern. Men det er store krav til kompetanse også på mange andre område, som mellom planarbeid.  Aurland er ikkje åleine om ha desse utfordringane, og ordførarane i Aurland, Lærdal og Årdal har no drøftingar om utvida samarbeid. Den 26. februar får formannskapa i dei tre kommunane ein presentasjon av korleis ein kan utvida samarbeidet i høve til det me alt har etablert.  I neste omgang vert det sjølvsagt saker til kommunestyra. I Sogn Avis i dag me lesa at Interkommunale samarbeidsløysingar i Sogn står for hogg, og at den nye Sogndal-kommunen kanskje kan løysa oppgåvene sjølve. Me må førebu oss på at så kan skje. Det er krevjande, men eg er optimist med omsyn til både det me i Aurland kan klara sjølve og det me kan få til i samarbeid med Lærdal og Årdal.

Det er svært viktig med eit godt samspel og godt samarbeid mellom politikk og administrasjon. Me kan sjølvsagt bli betre også på dette området. Dette er noko som me berre i avgrensa grad kan løysa med reglar og rutinar, det viktigaste er å ha ein god kultur for samarbeid. Kontrollutvalet har utfordra oss på samarbeidstiltak og eg vonar me skal gje gje ei god tilbakemeldig til deira møte 30. april. Innan den tid har me og gjennomført strategiseminar 5. april der kommunestyret, hovudtillitsvalde og leiarar i administrasjonen er med, og hovudprosjektet for omstilling av den kommunale organisasjonen er sett i gang.

Aurland har svært vakker natur, men og ein svært krevjande natur. Fare for fjellskred, flaum og ras utfordrar oss sterkt. Det eine er at det kan vera fare for liv og helse, det andre er at det legg avgrensingar på arealbruk og dermed samfunnsutviklinga. Det er viktig å jobba fram løysingar slik at næringslivet kan gjennomføra tiltak. Me må jobba vidare for å få på plass nødvendige sikringstiltak. I tillegg må me halda fram arbeidet med å få på plass endå betre løysingar for varsling til innbyggjarane. I nær framtid vil Aurland kommune formelt klaga på avslag om midlar til planlegging av sikringstiltak i nedre del av Flåmselvi. I tillegg vil me arbeida vidare med å få opna for å konsesjonshandsama det meir omfattande sikringstiltaket.

Det er på alle plan fokus på gode miljøløysingar og det som vert kalla det grøne skiftet. Det er gledeleg med konkrete prosjekt i Aurland knytt til batteridrift, som Vision-båtane og el-mobilar. Samtidig pågår det utgreiingar knytt til strengare utsleppskrav, særleg frå cruiseskip. Skal ein oppnå reell effekt av strengare krav, må det gjelda nasjonalt og helst internasjonalt. Eg opplever auka forståing for det synet.  Dermed unngår ein og konkurransevriding og næringstap som vil bli resultatet om ein lagar einsidige reglar for verdsarvfjordane.

Her kan du følge møtet i dag, torsdag 8. februar :Følg møtet i kommunestyret direkte