Gå til hovedinnhold

Framsida

Opning av Njardarheimr i Gudvangen

Mal var ein svært engasjert guide
Innføring i bogeskyting
Kjekt å vere dei fyrste gjestene i Njardarheimr
Krisin fortel om ulike handverk
No får me sjå om dei treff?
5. og 6. trinn var så heldige at dei fekk vera med då dei opna dørane inn til Njardarheimr.

Elevane i 5. og 6. klasse var og dei første gjestene som fekk koma inn i Njardarheimr då dørene vart åpna.  Før me kom inn i Njardarheimr, vart me ønskte velkomen av høvdingen sjølv. Dette var kjempestas. NRK var der, og to av elevane vart intervjua.  Elevane fekk oppleva mykje og  vart inspirerte til å laga ulike ting i  kunst og handverk til neste år. Dei fekk mellom anna sjå korleis dei laga omn  av leira. Far til to av elevane ved Flåm skule laga fløyte av horn og raudhyll I Njardarheimr. Ei dame laga nydelege perler i keramikk og glas.

Elevane fekk koma inn i husa der vikingane budde. Dei fekk og eit lite kurs i korleis ein skulle skyta med pil og boge. Alle som ville fekk prøva å skyta.

Guiden som følgde oss rundt og fortalde om vikingane var reine skodespelaren. Han fortalde på engelsk, så elevane fekk ein engelsktime i tillegg til alt anna dei opplevde.