Flaumhendinga 28.10.2014 har prega Flåm og heile Aurland kommune. Den seine oktoberdagen oppstod det ein kritisk situasjon med sterkt aukande vassføring i Flåmselvi. I timane denne ettermiddagen, etter at vassføringa i Flåmselvi brått tok til å auke faretruande, så blei det ein dramatisk situasjon som krov stor innsats for å berge liv og verdiar for dei som blei råka. Takka vere rask innsats frå både innbyggarar, frivillige organisasjonar og offentleg beredskap gjekk det ikkje liv tapt, men hendinga har prega oss og skadeomfanget vart  betydeleg.

Rimeleg raskt etter førsteinnsatsen var over, ble det sett i gang arbeid med planlegging og utarbeiding av sikringsplan for Flåmselvi. NVE - Region Vest fekk på kort tid utarbeidd ein sikringsplan for å sikre dei skada strekningane langs elvi. Naudsynte vedtak i kommunestyret blei fatta og arbeid med sikring av elvi tok til. 

Flaumen som råka innbyggarar og næringsliv langs Flåmselvi har bydd på store utfordringar for å retta opp alle skadane som kom i kjølvatnet av flaumen. 
Stor innsats frå alle dei som har vore involvert og framleis er i arbeid, har til tider medført arbeidd både natt og dag for å få retta opp skadane og erstatta infrastruktur som gjekk tapt under flaumhendinga. 

På vegne av innbyggarane i Aurland vil eg difor nytte høve til å takke alle som har stått på i dette viktige arbeidet så langt. 
Når slike hendingar oppstår, får me og synleggjort kvalitetane i lokalsamfunnet vårt, der alle mobiliserer for felles innsats. Bygdefolket har heile tida vore tolmodige og konstruktive for å få til dei beste løysingane.

I dag står den nye brua over Flåmselvi her ved Haugen ferdig. Prosjektet har i byggefasen vore kalla Haugen bru. Takk til entreprenørar og prosjektleiing for god innsats.
Det ligg føre eit framlegg frå namnenemnda om å kalle brua for Haugabrui. Dette namnet er klarert med skrivemåte, men det endelege namnet er enno ikkje vedteke i kommunestyret.

I dag, 20. september 2017 er det med stor glede eg kan erklæra den nye brua ved Haugen offisielt opna.