Harepest vert også kalla lemenfeber eller tularemi. Den skuldast bakterien Francisella tularensis. Bakterien er å finne hjå smågnagarar i muse og lemenår, og kan smitte over på menneske. I Norge vert det påvist 20 – 50 tilfelle i året. I 2017 hadde Aurland kommune 4 tilfelle. Sjukdommen er ikkje dokumentert i andre kommunar same året.

Dei vanlegaste symptoma hjå menneske er langvarig febersjukdom og leddsmerter. I enkelte tilfelle kan det i tillegg vere halsinfeksjon, lymfeknutesvulst, sår på huda som ikkje gror, betennelse på auga eller lungebetennelse.

Harepest kan på mange vis samanliknast med influensa. Den gir feber og muskelverk. For friske personar er sjukdommen ufarleg, men for dei som er svekka av ein eller annan årsak kan den verte livstrugande. I motsetning til influensa som er ein virussjukdom, kan harepest vere langvarig, det finst ikkje vaksine, sjukdommen kan behandlast med antibiotika. Med rett type antibiotika vil den sjuke verte betre i løpet av få dagar.

Harepest er ein sjeldan sjukdom og liknar til forveksling mange andre sjukdommar. Den er difor lett å oversjå. For å påvise harepest må ein ta ein blodprøve. Det kan ta ei veke frå prøven er tatt til svar frå laboratoriet ligg føre.

Bakterien kan overførast til menneske ved direkte kontakt med dyr som er sjuke eller bærer på bakterien. Ein kan og bli smitta gjennom drikkevatn, ved flått/myggstikk eller ved innanding av støv frå dyr som bærer på smitte.

Førebyggjande tiltak:
Ikkje drikk vatn direkte frå naturen når det er mus eller lemenår. 
Sikre brønner og andre drikkevasskjelder.
Kok vatnet om det er mistanke om smitte.
Unngå direkte kontakt med gnagarar.
Unngå kontakt med støv frå gnagarar.
Unngå å bli slikka av hundar eller katter som kan ha vore i kontakt med gnagarar.

 

Trygve Ness
Kommuneoverlege

 

Sjå også:  Melding frå kommuneoverlegen - harepest