I Aurland vil du finne kommunesenter der vil du finne blant anna lege, tannlege, NAV kontor og bank. Du vil også finne eit breitt kulturutval som kino, idrettsanlegg, bibliotek og kulturhus. I nesten kvar bygd vil du finn daglegvarebutikk som også har fokus på lokalvarer.

Alle grender har eit eller fleire samfunnshus som blir nytt til lokale arrangement. Samfunnshusa blir drifta av frivillige organisasjonar og er mogleg å leige også til private merkedagar.

Aurland kommune har fleire nasjonalt- og internasjonalt kjende attraksjonar og merkevarer. Nokre av dei mest kjende er Flåmsbana, Aurlandsdalen, Rallarvegen, Nærøyfjorden, Undredal stavkyrkje, utsiktspunktet på Stegasteinen, nasjonal turistveg Aurlandsfjellet, Vikingsfestival, landsline for økologisk landbruk, Aurlandskoen, prisvinnande brun og kvit Geitost og andre nisjeprodukt.

Fjord og fjell

Storparten av kommunen sitt areal er fjellområdet på 900 meter. Dette vil gje bygda ein sentral rolle i friluftslivet med aktivitetar som jakt, fjellfiske, fjelltur og båtliv.

UT.no, kan du finna mange fine fjellturar i nærområdet.

Kultur og fritid

Med både idrettshall, symjehall og skyttarhall gjer Aurland kommune til ein sentralrolle for utvikling av sine idrettsferdigheitar. Alle idrettsaktivitetar blir styrt av lokale organisasjonar, der frivillige stillar opp.

Det er også fokus på kultur med både kino, utstillingar og musikk – kulturskule. Utstilling frå lokale kunstnar Johannes Vinjum kan ein finne på Heradshuset. På Heradshuset kan ein også finne utstilling Energiutstillinga og Sivlesamlinga.  I Flåm kan ein også finne Flåmsbanamuseet som fortele deg om historia bak bygginga av Flåmsbana.

Kulturskulen tilbyr lære i musikk, biletkunst og dans for både barn og vaksne. For meir informasjon sjå kulturskulen på aurland.kommune.no

Barnehage og skule

Aurland kommune har 2 barnehagar, Aurland barnehage og Flåm barnehage.

Flåm barnehage ligg på Lunden, med lett tilgang til natur og fine leikeområde vil barna få ein aktiv dag med leik og moro.

Aurland barnehage ligg rett med ABU (Aurland barne og ungdomskule). Barnehagen stod ny i 2022, og har stort leikeområde.

Flåm skule ligg nedst i Flåmsdalen, og har ein fordelt 1 til 7 klasse. Tilbyr også SFO for born frå 1 til 4 klasse.

Aurland barne og ungdomsskule har ein fulldelt grunnskule med 1 til 10 steg. Skulen ligg ca. 5 min gå avstand frå Aurlandsvangen. Skulen tilbyr også SFO for born frå 1 til 4 klasse.

SJH - Sogn Jord og Hagebruksskule er ein økologisk videregåande skule. Elvane kjem frå heile landet med eit bredt spenn i alle alderar. Her finn du eit jordnært og sterkt fagmiljø innan husdyr, grønsaker, frukt, foredling, garden som ressurs og mykje meir. Heile skulegarden er økologisk. Du kan lesa meir på deira heimesider: sjh.vgs.no

Arbeid

Aurland og arbeidsmarknaden rundt Aurland er variert. I Aurland kommune er det offentleg sektor og sørvisnæringa som sysselset flest. I sørvisnæringa er det reiseliv som er den største bransjesektoren. Andre større bransjesektorar er kraftbransjen, bygg og anlegg. Både kraftutbygginga på 70 og 80-tallet, og store infrastrukturprosjekt på 90-tallet og etter år 2000, har bidrege til høg sysselsetting i entreprenørverksemder.

Innan helsefag er både kommunane og sjukehuset i Lærdal store arbeidsplassar. Vi håpar på auka rekruttering til helsefaga framover. For å kunne oppretthalde tenester til sjuke og eldre treng vi at unge som vel å ta utdanning innan helsefag, sjukepleiefag eller medisin. Ledige stillingar i kommunen blir kunngjort på kommunen si heimeside:Ledige stillingar - Aurland kommune

Aurland kommune har eige næringsfond (konsesjonsavgiftsfondet) som gjev kommunen eit rikt handlingsrom i høve til næringsretta arbeid. Kommunen yter, på visse vilkår, tilskot til etablering av nye verksemder og utvikling av eksisterande verksemder. Kommunen bidreg elles med tilrettelegging av areal og infrastruktur.

Lurar du på korleis det er å jobba i Aurland, sjekk ut denne videoen.