Belønningen vert synleggjort med eit diplom. Diplomet vart overlevert til Olav Hylland av ordførar Noralv Distad på vegne av Carnegies Heltefond for Norge i etterkant av kommunestyremøtet i dag torsdag 1. oktober.

Bakgrunn
Under brannen i Gudvangatunnelen 11. august 2015, der ein svensk turbuss begynte å brenne, redda Olav Hylland alle 32 passasjerane ut av tunnelen ved å fylle varebilen opp med alle 32 i ein tur. På denne måten redda han nok livet til mange menneske.