Ofte stilte spørsmål ved kommune- og fylkestingsval

Manntal
Korleis kan eg undersøkje om eg står i manntalet ?
Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn på rådhuset i midten av juli månad.

Valkort
Kva er eit valkort ? Når skal eg bruke det?
Eit valkort inneheld personleg informasjon om kvar og når du skal stemme på valdagen. Valkort vert sendt ut til alle veljarane.
 
Dersom du skal førehandsrøysta, må du ha valkort. Vi oppmoder alle til å ha med valkortet du får tilsendt dersom du vil førehandsrøysta. Det er ikkje krav om at du skal ha valkort når du skal røyste på valdagen.
 
Når får eg tilsendt valkort ?
Valkorta vil bli sendt ut i månadsskiftet juli/august i valåret.
 
Kva gjer eg om eg ikkje får tilsendt valkort eller om eg har mista det?
Du kan få eit nytt ved å kontakte sekretær for valstyret, Eli Johanne Ohnstad ( tlf. 57 63 29 32) 
 
Legitimasjon
Må eg vise legitimasjon når eg røyster?
I utgangpunktet skal alle veljarar må legitimere seg for å kunne røyste. Dette for å sikra gjennomføring av prinsippet om at ein veljar – ei røyst, og at røyster ikkje vert gjeve i andre personar sitt namn. Du treng ikkje vise legitimasjon dersom du og røystemottakar er kjende.
 
Kva er gyldig legitimasjon?
Legitimasjon kan td. vera pass, førarkort eller bankkort med bilde. Legitimasjonen må innehalde namn, fødselsdata og bilete. 
 
Dersom eg ikkje skal røyste i Aurland ?
Eg har røysterett i Aurland, men skal førehandsrøysta ein annan stad. Korleis får eg tak i røystesetel for Aurland kommune ?
Når partilistene er godkjente, vert desse lagt ut på kommunen si heimeside. Utskrift av desse vil vera gyldig røystesetel.
 
Førehandsrøysting
Kvar røyster eg om eg ikkje kan røyste i mitt vallokale på valdagen ?
Dersom eg ikkje kan røyste på heimstaden min på valdagen, må eg førehandsrøysta. Dette kan eg gjere enten i eigen heimkommune eller i annan kommune. Husk at du må ha med legitimasjon for å få røyste. Ta også med valkortet – det sparer deg for tid i røystelokalet.
 
Korleis føregår førehandsrøysting ?
Prosedyren for førehandsrøysting er noko annleis enn om du avgjer røyst på valdagen.
 
Ved førehandsrøysting vert røystesetelen lagt i ein røystesetelkonvolutt, som så vert lagt i ein ny konvolutt saman med valkortet. Før oppteljinga startar, vert valkorta skilt frå røystesetelkonvolutten. Røystesetelkonvoluttane vert lagt i ei valurne. Når oppteljinga startar, er det ikkje mogeleg å spore kven som har stemt.
 
Korleis skal eg få stemt dersom eg er for sjuk til å koma til vallokale ?
Dei som på grunn av sjukdom eller er ufør ikkje kan røyste der det vert avhelde førehandsrøysing, kan etter søknad få førehandsrøysta der dei oppheld seg. Dette vert kalla ambulerande røysing.
 
Søknadsfristen er ca ei veke før valdagen. Søknad kan sendast sekretær for valstyret, eller ta kontakt via epost: eli.ohnstad@aurland.kommune.no eller på telefon 57632932. Informasjon om periode Ambulerande røysting  kjem her.
 
Når kan eg førehandsrøysta?
Du kan førehandsrøysta i Noreg frå 1. juli ( tidleg førehandsrøys og gjeld for dei som ikkje har høve til å røyste ved ordinær førehandsrøysting ).
 
Frå 10. august startar ordinær førehandsrøysting. Du kan førehandsrøysta i rådhuset. Ved tidlegare val har valsekretariatet hatt ope ein laurdag for førehandsrøysting. Opningstid vil bli kunngjort i avisa og på kommunen si heimesida.
I utlandet kan du førehandsrøysta frå 1. juli. Husk å røyste så tidleg at røysta når fram til heimkommunen din innan kl. 20.00 på valdagen 14. september.
 
 Hjelp i samband med røysting
Veljarar som har trong for hjelp i avlukke, kan få det av ein valfunksjonær. I heilt spesielle tilfelle ( alvorleg psykisk eller fysisk nedsett funksjonsevne) kan ein veljar få peike ut sin eigen hjelpar i tillegg til valfunksjonæren.
 
Retting av røystesetelen
Ved kommunestyrevalet ( kvit røystesetel) kan du gjere slike endringar på røystesetelen:
·     1)Gje personrøyst med å setja kryss i rubrikken framfor kandidatnamnet
·     2)Gje personrøyst til kandidatar på andre lister ved å føre opp namnet og partiet i ruta på røystesetelen. ( maks 5 namn i Aurland)
 
Ved fylkestingsvalet ( blå røystesetel) kan du gjere slike endringar på røystesetelen:
·     Gje personrøyst ved å setje kryss i ruta framfor kandidatnamnet
 
Du kan gje personrøyst ( kryss) til så mange kandidatar som du ønskjer ved begge vala. Røysta di vil ikkje bli forkasta sjølv om du markerer på andre måtar, men rettinga vil ikkje bli tatt til følje.
  
Røysting på valdagen 14. september
Må eg røyste i den valkrinsen eg er manntalsført ?
Har du røysterett i Aurland kommune, kan du røyste i ein annan krins enn den du er manntalsført i. Døme: Er du manntalsført i Vassbygdi krins, kan du likevel røyste i Vangen krins ( på rådhuset). Dette kallast framandrøysting.
 
Kvar kan eg røyste på valdagen?
På valdagen må du røyste i den kommunen der du var registrert i folkeregisteret som busett 30. juni 2015. På valkortet ditt vil det stå adresse og opningstid for vallokalet i den valkrinsen du tilhøyre. Dersom du føl med på Aurland kommune si heimeside under Val 2015 og annonse i Sogn Avis/ Aurlendingen vil du få informasjon om alle plassar i kommunen du kan røyste på valdagen og opningstider.
 
Korleis røyster du på valdagen:
1.    Finn røystesetelen du vil bruk; kvit for kommunestyrevalet, blå for fylkestingsvalet.
2.    Gjer eventuelle endringar på røystesetelen
3.    Brett røystesetelen med partinamnet inn og feltet for stempling ut – då kan ingen sjå kva du røyster. Det skal ikkje brukast konvolutt eller annan omslag rundt røystesetelen.
4.    Ein valfunksjonær stemplar utsida av røystesetelen. Begge røystesetlane må ha stempel for å bli godkjent.
5.    Legg dei stempla røystesetlane i urna.
 
 
Valresultat
Kven vert vald ?
Først finn ein ut kor mange representantar dei ulike partia eller gruppene får i kommunestyret eller fylkestinget. Deretter tel ein opp personstemmene for å funna ut kva kandidatar som blir valde.
 
 
 
Tekst : Eli Johanne Ohnstad
 
 

 

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Politisk sekreteriat

Margunn Tolleshaug

Telefon: 57 63 29 35
Mobil:971 36 237

E-post:
Margunn Tolleshaug

Besøksadresse:
Rådhuset, Kommunetorget

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland