Aurland har gjennom alle tider vore ein kommune som har utvikla seg gjennom endringar. Slik vert det og i åra framover. Endringane skjer no raskare og raskare, både i næringslivet og elles. Det er difor svært viktig å leggja til rette for at det eksisterande næringslivet får utvikla seg vidare, samstundes som me stimulerer til omstilling og nyetableringar. Aurland har i dag mange bedrifter som rettar seg mot marknader utanfor kommunen. Her ligg og dei største mulegheitene for framtidig ekspansjon og nyetableringar.
Våre eigne ungdommar må i tida framover bli ein viktigare samarbeidspartnar for kommune og næringsliv. Me må gjera det attraktivt både å bu her, skaffa seg arbeid eller etablera eigen arbeidsplass. Då må ungdommen vera med på laget.
Uveret i romjula har synt oss at me har ein utfordrande natur og at moderne teknologi ikkje alltid fungerer. I slike situasjonar vert den konkrete, praktiske og oppsøkjande innsatsen heilt avgjerande. Eg vil retta stor takk til alle som har ytt ein ekstra innsats for å sikra tryggleiken til innbyggjarane. Aurland kommune vil tidleg på nyåret gå nøye gjennom eigne tryggingsopplegg og rutinar med tanke på forbetringar.
Som ordførar vil eg det komande året vera særleg oppteken av at Aurland framleis skal vera eit trygt og godt lokalsamfunn. Dette går ikkje berre på tryggleik i forhold til naturskader, men og på arbeidsplassar og gode tenester og tilbod både i offentleg og privat regi. Aurland er ein kommune med store mulegheiter, desse må me utnytta gjennom felles innsats.
Godt Nytt År !
Noralv Distad
Ordførar