Flyktningtenesta i Nav koordinerer det 2 årige introduksjonsprogrammet til flyktningar. Etter desse to åra skal som regel flyktningen vere sjølvstendig, enten ved å ta utdanning eller arbeid. For nokre kan dette vere ein utfordring og Nav må sette inn ytterlegare tiltak for å kvalifisere flyktningen. Andre tilfelle er innsats og meistring så bra at flyktningen får arbeid før introduksjonsprogrammet er ferdig. I Aurland har Abd fått arbeid etter 7 månadar i introduksjonsprogrammet.

Abduljabbar (Abd) Alammouri er frå Syria og er busett i Høydalen i Aurland. Han har kone og eit barn på 1 år:

-Kva gjorde du for å få arbeid, Abd?
«Først og fremst har eg arbeida hardt for å lære meg norsk. Kvar dag etter skulen og språkpraksis har eg gått heim for å studere vidare. No når eg har klart å kommunisere på norsk ville eg søkje arbeid i Aurland kommune. Eg fann stillinga på Aurland kommune sine heimesider og søkte elektronisk».

-Kva vil du anbefale i andre sin situasjon?
«Eg vil anbefale at ein lærer seg norsk og gjer eigen innsats. Eg har studert heime, vore på vaksen- opplæringa 3 dagar i veka og i språkpraksis på Aurland barne- og ungdomsskule 2 dagar i veka. I tillegg har eg vore engelsklærar 1 kveld i veka i Lærdal. Eg er tilsett i Lærdal kommune i engasjement fram til midten av juni. Det er viktig å vere ein aktiv arbeidssøkjar for å få arbeid».

-Har det gått bra etter at du starta i ny jobb?
«Ja, no har eg vore på arbeid 5 kveldar og eg likar meg godt. Det var ein veldig snill mann som tilsette meg, Tor Mikkel. Det var interessant å vere på intervju på teknisk etat».

Per i dag er alle vaksne flyktningane i Aurland kommune i aktivitet, enten ved å vere i introduksjonsprogrammet, utdanning eller ordinært arbeid. Gjennom språkpraksisordninga og norskundervisninga kan flyktningen verte rusta til å delta i det ordinære arbeidslivet. Flyktningtenesta er veldig glade for at mange bedrifter i Aurland og Lærdal stiller opp for flyktningtenesta, og ikkje minst er vi glade for den innsatsen flyktningane gjer sjølv. Vaksenopplæringa på SJH gjer i tillegg ein verdifull innsats.

Me vil gratulere Abd så mykje med NY JOBB, seier Linn-Janette Underdal Skarsbø og Turid Stigen Sørensen i Flyktningtenesta i Nav Aurland.