Framlegg til forskrift hadde då vore ute til offentleg ettersyn frå 30. juni til fram til 1. september. Det kom ikkje inn merknader til forskrifta.

Den nye forskrifta byggjer på eksisterande forskrift og vidarefører utgiftsdekning etter sjølvkost finansiert ved gebyr som byggjer på eit todelt system med eit fastledd og eit mengdevariabelt forbruksledd. Forskrifta legg opp til fast fordeling 30/70 på høvesvis fastleddet og forbruksleddet. Det er og innarbeid presisering av kva som er sjølvstendige einingar. Forskrifta er gjeldande frå 1.1.2018.

Forskrifta er kunngjort i Lovtidend 19.09.2017 og er å finna på lovdata.no