Statusen som Historisk vandrerute er til ære for dei som har gjort og dei som gjer ein utruleg stor og flott innsats for Aurlandsdalen. Like viktig er det at dette er ei satsing for framtida. Aurlandsdalen sin posisjon som ei av dei aller fremste vandrerutene i Noreg vert trygga og styrka.

På vegen ned Aurlandsdalen var det ein i statsråden sitt følgje som stilte dette spørsmålet: Dei som budde og arbeidde i dalen, var dei opptekne av at naturen her er så vakker?

Svaret er nok ikkje heilt enkelt. Dei fleste var opptekne av sitt daglege arbeid, både i samspel med naturen og i kamp mot naturkreftene. Natur gav næringsgrunnlag, men var samstundes både farleg og vanskeleg å ta seg fram i. Statusen som historisk vandrerute forpliktar oss til å fram det store biletet. Dei som budde og ferdast i dalen skal ha sin velfortent plass. Spora etter arbeid og slit må løftast fram. Historien og naturkvalitetane må formidlast på ein tydeleg og god måte.

Dei som budde i Aurlandsdalen tok seg nok tid til å nyta dei gode og vakre stundene i naturen.  Dei retta blikket mot solfylte lier og fjell og sa det slik; det er godt å ha noko å kvila augo på.

Noralv Distad
Ordførar

Helsinga frå ordføraren står på trykk i oktoberutgåva av lokalbladet Aurlendingen.