Namnenemda har i fleire møter drøfta desse namna, og har i sist møte laga eit framlegg som ein no ynskjer vert lagt ut til offentleg høyring.

Bakgrunnen for denne gjennomgangen av brunamn, er fordi det per i dag vert nytta til dels ulike namn på desse bruene.

Namnenemda har difor laga eit framlegg på namn som skal nyttast m.a. i kommunal sakshandsaming. Ein ynskjer difor at denne lista vert offentleggjort, og ber om at dei som har merknader og innspel i denne prosessen kjem med skrifteleg tilbakemelding innan 10. januar 2015.

Tilbakemeldinga skal sendast til Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland / post@aurland.kommune.no og merkast med Merknad til namn på kommunale bruer i Aurland.

Oversikt over brunamn , framlegget frå namnenemnda, finn du her, oversikten er i tillegg tilgjengeleg i papir på kommunetorget, på biblioteket og i bladet Aurlendingen (desemberutgåva).