Tekst og foto; Aurlendingen/Arne Veum

Godt 400 menneske var så heldige å få oppleve elevar i åttande og niande klasse i fri utfalding gjennom fire framsyningar i midten av februar.

Den raude tråden i framsyninga var bygt som ei reise i form av  monolog, musikk og dans frå ei tid der hjelpemiddela, spesielt innanfor kommunikasjon, var annleis enn dei er i dag. 

Klaga si naud

I dag klagar dei unge over tregt nett og manglande 4G som hindrar surfing i stor fart på ulike sosiale medium. Slik var det ikkje på 1960 talet og utover. Då var det telefonsentral i bygda, og alle som skulle ringe måtte enten ringe i frå sentralen, eller via denne, der ei sentralborddame kopla samtalane over. Den gamle og nye tida var gjenstand for samtalen mellom oldemor (Kamilla Ølmheim) og oldebarn (Sara Tønnessen) på Aurland helsetun. Førstnemnde hadde ramla litt av lasset,  og klarde ikkje følgje med på alt lenger. Oldebarnet på si side klaga si naud til oldemora over ein mobiltelefon som både var treg og  «heilt ut», og eit par foreldre som tok humøret heilt i frå ho ved å seie nei til noko så viktig som å gi ho ein ny mobiltelefon.

«Lytta og lytta»

Oldemora, pensjonert sentralborddame, meinte det ikkje var grunn til å klage, og fortalde korleis dei kommuniserte med kvarandre før i tida. – Eg fekk jobb på telefonsentralen, verdens beste jobb. Det var ei fin tid og eg kunne halde meg orientert. No må eg meir ut i felten for å høyre om kva som skjer i bygda, sa oldemor. Små artige munnelege sekvensar om livet før i tida mellom dei to på helsetunet vart avløyst av musikalske godbitar frå tida der ein måtte ta beina fatt for å kome seg på dans på Østerbø. – Eg hugsar nokre unge gutar som via sentralen  ringde til nokre jenter og lurte på om dei ville ha følgje til dansen på Østerbø. Det ordna seg det, dei ville gå med gutane. – Lytta du til kva dei sa, spurte oldebarnet. – Lytta og lytta, det var jo ikkje alltid til å unngå. – Vart de ikkje oppdaga då? – Vel, det hende vel at me røpa oss litt, det var jo ikkje alltid like lett å la vere å blande seg inn… Slik gjekk førestillinga tidsmessig framover, gradvis mot meir moderne tider og ungdomleg krav til å heile tida vere «på nett», og med historisk blikk på korleis Aurlandssamfunnet gradvis har utvikla seg gjennom desse åra. Eit breitt samansett band, med ei linje av fem særs dyktige syngande jenter, sette folk det store publikumet i stemning så det heldt.

- Mykje skule i dette

Den musikalske delen av framsyninga vart leia av musikkskulelærar Jon Erik Rode. Det var også han som fekk ideen til prosjektet. – Han har vore med å sett opp noko liknande i Årdal ein gong før, seier  Åshild Askeland. Sjølv hadde ho saman med miljøarbeidar Gunn Veum ansvaret for å dramatisere den historiske delen av framsyninga. – Me starta øvinga i september i fjor. Opplegget var to timar kvar veke. Mot slutten auka me opp og dei fire siste dagane før framsyningane vart brukt i sin heilskap til øving. Då kopla me også saman dans og drama med musikkgruppa, seier Askeland. I utgangspunktet spring den musikalske tidsbonansaen ut i frå faget musikk, men nokre øvingstimar er «lånt» frå samfunnsfag og historiefaget. – Me har ikkje dårleg samvit  for det. Det er mykje skule i dette, både når det gjeld samfunnsfag og historie, seier Askeland.  Ho legg til at det også er eit mål for ABU at undervisinga innanfor desse faga skal vere meir variert og spanande.  At elevane, der mange har hatt ein bratt læringskurve, tykte dette var moro kom klart til utrykk då siste framsyning var unnagjort. – Fleire har allereie spurt om me kan gå i gang med noko nytt. – Vert det meir? – Me skal snakke om det. Dette var første gong sidan 2008 at elevar ved ungdomstrinnet på ABU sette opp eit såpass stort prosjekt. Eg trur eg kan seie sikkert at det ikkje skal gå ni år til neste gong. Tanken er at elevane bør få vere med på eit slikt opplegg ein gong i løpet av ungdomsskuletida, seier Åshild Askeland. 

Utfordrande lokale

Mange har vore med å leggje til rette for framsyninga som fann stad i Aurland idretts og samfunnshus (AIS) sin gymsal. «Kultursalen» er prega av alder, og det byr på ein del praktiske utfordringar når såpass store prosjekt skal setjast opp. – Det har vore nokre problemstillingar. Lokalet er i seg sjølv ein brems, men takka vere ekstraordinær innsats frå vaktmeistar Ola Bjørgum fekk me det til på ein god måte, seier Åshild Askeland. Ei ombygging av oppgradering av AIS låg for nokre år sidan inne i den kommunale økonomiplanen, men er seinare prioritert vekk til fordel for andre investeringstiltak.