Liv Jorunn er oppe samtidig med fuglane kvar morgon, og ein dag fann ho ut at ho på veg opp til skulen like godt kunne gjera ein ryddejobb. Kvar morgon har ho med seg hanskar og berepose og plukkar med seg boss som turistar og andre «slepphendte» har lagt att etter vegen i Flåm. Tenk så heldige vi er som har ein slik omsorgsfull innbyggar i bygda Flåm og medarbeidar i Aurland kommune!