Bygging av minihus er ein ny trend, både internasjonal og i Noreg. I Aurland er det nyleg bygd 2 slike hus.

Føremålet med seminaret er å sjå på kva eit småhus er, marknaden for slike hus og korleis det kan passa inn i kommunal bustadpolitikk.

Ordførar Noralv Distad opna seminaret. Han seier at småhus er ein spennande bustadmodell, ikkje minst for bygging i litt krevjande terreng. Aurland treng fleire bustader og her kan småhus bli eit alternativ og supplement til tradisjonelle bustader. Arbeidet med å leggja til rette for bygging av einesbustader og leilegheiter må sjølvsagt halda fram, understrekar ordføraren.

Det blir spennande å sjå kva planar som no blir lagt fram og kva interesse det er i bustadmarknaden, seier ordføraren.