Kva er miljøretta helsevern?
Arbeidet med Miljøretta helsevern omfattar godkjenning, tilsyn, rådgjeving og rettleiing i høve til kjemiske, fysiske og sosiale miljøfaktorar. Både private og tilsette i offentleg- og privat sektor kan kontakta miljøhygenikar med spørsmål om helse og miljø.
Korleis er arbeidet med miljøretta helsevern organisert i Aurland?
Kommunane i Sogn regionråd og Årdal kommune samarbeidar om å dekke pålagte kommunale oppgåver innanfor arbeidsfeltet miljøretta helsevern. Sogndal kommune er vertskommune for miljøretta helsevern Indre Sogn.
Kva arbeidsoppgåver vert utført av Miljøretta helsevern Indre Sogn?
Systembasert tilsyn med skular, barnehagar, basseng, boblebad, tatoveringsverksemder og solarium. Ved behov fører Miljøretta helsevern Indre Sogn tilsyn ved enkelte andre verksemder som til dømes frisørar og campingplassar. I tillegg ligg klagehandsaming innan støy, forureining m.m. til Miljøretta helsevern Indre Sogn.
Kva plikter verksemder?
Alle verksemdene Miljøretta helsevern Indre Sogn driv tilsyn med har plikt til å melde frå ved oppstart og ved vesentlege endringar. Vidare må enkelte av verksemdene søke om godkjenning ved oppstart og vesentlege endringar. Dette gjeld skular, barnehagar, tatoveringsverksemder, basseng og boblebad.
Spørsmål ?
Ta kontakt med MIljøretta helsevern Indre Sogn i Sogndal kommune
Miljøhygenikar Elin Åsnes Øvretun
E-post: Elin Åsnes Øvretun
Tlf 57 67 32 79, mobil 48 14 08 79
Telefaks: 57 62 96 01
Besøksadresse:
Granden 23 v/ Mattilsynet i Sogndal
Postadresse:
Miljøretta helsevern Indre Sogn
Sogndal kommune
Postboks 153, 6851 Sogndal
Søknadsskjema
Lovverk og lenkjer
Lover og forskrifter
Normer og rettleiing
Statlege organ