Harepest er ein bakteriesjukdom som råker harar og smågnagarar, men som kan smitte menneske.
I lemenår er det vanleg med smitte blant gnagarar, og det er grunn til å tru at smitten omfattar heile kommunen.

Dei som tek vatn i frå dårleg sikra brønnar eller overflatevatn må vise ekstra varsemd. 
Folk vert rådde til å ikkje drikke vatn frå små bekker. Ved mistanke om forureining bør vatnet kokast.

Unngå direkte kontakt med gnagarar.
Utanom lemenår er det ingen generell åtvaring mot å drikke vatn frå elver og bekker.