Til vanleg er det vaksenopplæringane i Lærdal og Aurland som har dette ansvaret, sett vekk i frå sommarperioden, haustferie og vinterferie.

For å få variert undervisningsopplegg inviterer blant anna flyktningtenesta inn førelesarar som kan informere om ulike tema. Døme på dette kan vere temadag med brannvesenet, føredrag frå NAV, barnevernstenesta eller politiet, føredrag frå ulike arbeidsgjevarar, konkurransar, turdag eller informasjon om kommunestyre, slik som vist på bilde.

6. august stilte ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim, opp for å fortelje introduksjonsdeltakarane i Aurland og Lærdal om kommunestyre og lokalpolitikk. Det vart til og med tid til rollespel der dei ulike partia vart representert av deltakarane i introduksjonsprogram. Solheim viste korleis ein skulle ta ordet, be om gruppemøte og komme med endringsforslag. I dette tilfelle ville SP gå i mot Rådmannen si tilråding og fekk med seg Høgre for å få fleirtal. Introduksjonsdeltakarane viste både interesse og engasjement for emne.

Flyktningtenesta vil takke for at så mange tenester og personar stiller opp for å formidle ulike tema til flyktningar i introduksjonsprogram.

Helsing Flyktningtenestene i Aurland og Lærdal

Deltakar i introduksjonsprogrammet får prøve seg på talerstolen Her får deltakar i introduksjonsprogrammet prøve seg på talarstolen