English Deutsch  
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:

Lokalhistorisk senter - tenesteerklæring

Tenesta si målgruppe

Tenesta gjeld for alle som ønskjer å ta del i tilbod gjennom lokalhistorisk senter, både innbyggjarar, tilreisande turistar og lukka selskap/ turfølgje.
Kor lenge varer retten til tenesta?
Det er ikkje ein rett til tenesta, men tilbodet er tilgjengeleg kvardagar.
Formål med tenesta
Lokalhistorisk senter skal vere ein spanande, interessant og levande arena for oppleving og formidling av kultur- og natursoga til Aurland kommune. 
 
Tenesta gjeld
Føremålet med Lokalhistorisk senter er:
  • å drive ei aktiv, medviten og kunnskapsrik formidling av Aurland kommune si natur- og kulturhistorie
  • vi skal bidra til å oppretthalde og skape interesse for kulturhistoria vår i Aurland 
  • mange innbyggjarar kjenner trong til å vere ein del av ei større historie, kjenne si eiga slektshistorie eller bli kjent med fortida til den staden ein bur.
  • formidling av historie påverkar samtida gjennom å ”bestemme” kva vi hugser og gløymer av skikkane våre, tradisjonane, kulturarven, lokal identitet og tilhøyring
  • senteret skal vere ei kjelde til kunnskap, forståing og problemløysing. Korleis gjorde vi ting før, og korleis kan vi lære av fortida?
  • lokalhistorisk senter er eit aktivum for den einskilde turist og heile reiselivsnæring i regionen. Innan reiselivet er det ei aukande kulturinteresse. Dette er eit område vi arbeidar aktivt med å vidareutvikle i eit kultur- og næringsperspektiv.
  • senteret har særskilt kompetanse på å rettleie og guide våre norsk- amerikanske frendar som kjem Sogn for å halde kontakt med røtene sine
  • arbeidar aktivt og kontinuerleg med vennskapsavtala med Cannon Falls Township i Minnesota
  • vi er ein produsent og ein formidlingssentral for lokalhistorisk litteratur og kunnskap
  • biletinnsamling og dokumentasjon av kultursoga er eit vesentleg arbeidsområde, der vi saman med innbyggjarane kan dokumentere og forevige soga vår
  • samarbeidspartnar for musikk- og kulturskulen, barnehagane og skulane i kommunen/ regionen
  • kulturformidling i senteret femnar vidt:
    • Galleri Vinjum
    • Sivlesamlinga
    • Utvandrarutstillinga
    • Andre varierande temautstillingar 
Innhaldet i tenesta 
Tenesta gjev tilbod om kulturoppleving og kulturformidling i vid forstand.
Kva kan du forventa av tenesta?
·        At personalet har den kompetansen som skal til for å yte dei nemnde tenestene
·        Besøkjande kan forvente ei variert og innhaldsrik omvising i senteret
·        personalet kan gje råd og rettleiing i korleis ein bør finne fram til andre kjelder
 
Kva forventar tenesta av deg?
·        At du kjem attende dersom du ønskjer ytterlegare guiding eller oppleving!
·        At du gjerne gjev tilbakemeldingar og tips på korleis vi kan bli endå betre formidlarar
 
Kva kostar tenesta?
Tenesta er gratis for alle. For større grupper kan det vere aktuelt med eigendel. Det blir ikkje selt billettar, men vi sel mykje lokalhistorisk litteratur.
Kva tenesta ikkje omfattar
Dette kan me ikkje prioritera å gjera innan tenesta:
·        Vi kan til dømes ikkje lage slektstavler
·        Omvising i større omfang utanfor senteret
 
Kommunen kan hjelpa til med å formidla kontakt med private firma som kan utføra desse tenestene etter faste takstar.
 
Korleis søkja tenesta
Ta kontakt med kommunetorget.
 
Kvar kan du klaga?
Ta kontakt med kommunetorget.
 
Kontakt for meir informasjon
Svein Olav Haukedal
Tlf: 57 63 29 75


 
 
 

Kontaktinformasjon

Telefon: 57 63 29 00
Telefaks: 57 63 29 01
SMS: 959 84 649


E-post:
post@aurland.kommune.no

Besøksadresse:
Rådhuset
Aurlandsvangen

Opningstider:
Måndag-fredag 8.00-15.30

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland

Organisasjonsnummer: 964968063
Kommunenr.: 1421

Web levert av CustomPublish AS