Øvinga er godt i gang. Nokre syng, somme spelar på instrument eller øver på sketsjar og andre skriv artiklar og tek bilete. Temaet er ein musikalsk tidsbonansa med musikk frå 1960-talet og fram til i dag. Sketsjane har lokal vri, og skal krydra det heile. Her vert det både swing og rock`n roll, «ABBA», «Michael Jackson» og nye songar frå 2016.

«Dette er veldig kjekt», kan ein av elevane fortelje. Akkurat no driv dei og øver inn replikkane til ein sketsj, og ho trur det blir bra. «Me øver på Hallo Telenor», seier ein elev i musikkgruppa. Han òg trur det blir eit flott resultat, og fortel at elevane står på for fullt. Sjølv spelar han gitar, og meiner han er flink fordi han har gått i musikkskulen.

Du er hjarteleg velkommen til framsyninga. Set av datoen allereie i dag.

Tekst: Martin Sviggum og Thanabun Makham
Foto: Mediegruppa i musikkprosjektet