Ledige kommunale bustader for vanskelegstilte

Bustadprosjektet Furuly er no fullført. Det er bygd seks bustader, og fleire er tekne i bruk. Aurland kommune er glad for å kunne tilby bustad til vanskelegstilte.

Sjå også: Tildeling av bustad til vanskelegstilte i Aurland kommune

Vi gjer merksam på at tilbod om utleigebustader som hovudregel er tidsgrensa, då ein i utgangspunktet skal skaffe seg bustad sjølv.

Viss du er i målgruppa for tildeling av bustad no, må du dokumentere behovet i tråd med retningslinene, og sende søknad til Aurland kommune. Førebels kan ein nytte søknadsskjema som for omsorgsbustad, og legge ved dokumentasjon i tråd med tildelingskriteria.

For å få ei god vurdering set vi søknadsfristen på tildelinga no, til 01.03.2018. Søknader vil likevel bli vurdert fortløpande.

Overtaking av Furuly 20. desember 2017
Aurland kommune overtok Furuly 20. desember 2017
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
57 63 29 05


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland