Ledig stilling - dagleg leiar/hamnesjef i Aurland Hamnevesen KF

Arbeidsgjever: Aurland Hamnevesen KF.
Stillingstittel: Dagleg leiar/hamnesjef, 100% fast stilling.
Søknadsfrist: 15. november 2017.

Sentrale arbeidsoppgåver:

  • gjennomføre og rapportere i tråd med styrevedtak
  • utarbeide budsjett og handlingsplanar
  • framlegging av rekneskap og årsmelding
  • sørge for implementering av HMS-standard og system
  • eigedomsforvaltning av god kvalitet
  • vere kontaktperson i.f.t Kystverket og andre hamnefaglege organ
  • fokusere på medarbeidarutvikling og fagleg styrking av organisasjonen
  • samarbeidsorientert mot lokalt næringsliv
  • arbeida for gode miljøløysingar

     Organisatorisk:

  • din næraste overordna er styret v/ styreleiar
  • dagleg ansvar for drift av alle hamnefunksjonar og rapportering til styret
  • som er oppteken av å sikre ei god verdiutvikling av eigedomar gjennom aktiv forvaltning og utvikling
     

    Vi søkjer etter person med:

  • leiarerfaring 
  • utadvendt og samarbeidsvillig 
  • beherske norsk og engelsk munnleg og skriftleg
  • ha gode formulerings- og kommunikasjonsevner
  • stabilt humør og energisk arbeidsform
  • ingeniørutdanning frå høgskule/universitet og relevant praksis
  • fleksibel i.f.t reiseaktivitet, ubekvem arbeidstid og høg sesongaktivitet 
  • fordel med erfaring frå forvaltning og politiske prosesser
  • gjerne erfaring frå eigedomsutvikling og -forvaltning
  • erfaring frå prosjektleiing
  • som er drivande og nytenkande innan effektiv og konkurransedyktig sjøtransport i regionen

Vi vektlegg utvikling, samarbeid og resultat. 

Søknad innan 15. november 2017 til Aurland Hamnvesen KF, sendast elektronisk til post@aurland.kommune.no

For meir informasjon om stillinga:
Styreleiar Noralv Distad
E-post: noralv.distad@aurland.kommune.no 
Mobil: 959 84 638

Hamnesjef John Erik Johnsen
E-post: john.johnsen@aurland.kommune.no   
Mobil: 901 12 942

Aurland kommune sitt sjøområde omfattar Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden, der Flåm og Gudvangen er dei mest trafikkerte hamnene. Samla sett ligg trafikktala for i år for cruiseskip og lokalfartøy på 250 tusen og 500 tusen reisande. Arbeidet er sesongprega og dei fleste skipa kjem mellom 15. mai og 15. september, men både mars og oktober har hatt anløp av cruiseskip. Det er heilårs rutesamband mellom Flåm og Gudvangen og i sommarhalvåret er det ekspressbåt til Bergen. Elles har kommunen godt veg- og jernbanesamband.

Administrasjonen på 2 fulle stillingar held til i moderne kontor ved cruisekaien i Flåm. Omsetninga var i 2016 på kr.14,4 mill.. Samla sett skal administrasjonen ha ingeniør-, økonomi- og marknadkompetanse.  Arbeidsoppgåvene er stort sett fordelte mellom dagleg leiar og assisterande hamnesjef. Hamna har ISPS godkjenning og har eige sesongbasert vaktmannskap. Hamnesjefen inngår i hamna si vaktordning. Løn etter avtale. Administrasjonsspråket er nynorsk.

Hamnevesenet er kommunalt føretak og dagleg leiar er underlagt hamnestyre. Hamnestyre på 5 personar er valt av kommunestyre for heile valperioden. Det er eigen instruks for dagleg leiar.

 

Aurland Hamnevesen KF
Aurland Hamnevesen KF
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune, sentralbord
Telefon: 57 63 29 00
Telefaks: 57 63 29 01
SMS: 959 84 649

Kommunal beredskapstelefon / teknisk vakt utanom kontortid:
tlf. 57 63 29 05 / 959 84 600
(beredskap brann, kommunale bygg, veg, vatn og avløp)

Kommunal beredskap