Gå til hovedinnhold

Framsida

Heldige oss!

Stasjonsarbeid i matematikk er gøy.
Endeleg har Flåm skule fått lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
Frå august starta Karoline Bjørkum opp på skulen vår. Karoline er ei blid og dyktig jente frå Lærdal, som no er inne i siste lærlingeåret før fagprøven.Ho har vore i Flåm barnehage tidlegare, og no ventar praksis i skule og SFO. Seinare skal ho og ha praksis i høve ungdommar. Karoline har mange gode eigenskapar, ho lærer fort og er alt vorten ein aktiv deltakar i personalgruppa på Flåm skule. Vi skal gjere alt for at ho skal trivast hjå oss, og gledar oss til å følgje henne fram mot fagprøven.