Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Kvalitetsvurderingssystem for grunnskulen

Lærande tilsyn 2014-17 - Skulen sitt arbeid med elevane sitt utbyte av opplæringa

1. Skulen sitt arbeid med elevane sitt utbyte av opplæringa

Skulen sitt lokale arbeid med læreplanar og individuelle opplæringsplanar er heilt sentralt for at skulane skal kunne gje ei opplæring i samsvar med Kunnskapsløftet. I tillegg må skulane vurdere den enkelte elev undervegs i opplæringa for å gje god rettleiing i læreprosessen, slik at utbytet av opplæringa blir så godt som mogleg, og for å kunne setje i verk tiltak dersom elevane ikkje får tilfredsstillande utbyte av opplæringa.

I tilsynet vil ein kontrollere både om skulen gjer nødvendige tilpassingar innafor det ordinære opplæringstilbodet og om skulane syter for at det blir sett i verk spesialundervisning eller anna særskild opplæring for elevar som ikkje får tilfredsstillande utbyte av den ordinære opplæringa. Formålet er å sikre at skulane arbeider systematisk for å gi alle elevane eit forsvarleg utbyte av opplæringa.

2. Forvaltningskompetanse (avgjerder om særskild tilrettelegging)

Elevar med særskilde behov har etter opplæringslova rett til enkeltvedtak som skal sikre at elevane får det opplæringstilbodet dei har behov for. Som ein del av tilsynet vil ein kontrollere at skulen har forvaltningskompetanse gjennom å undersøkje om skulen gjer vedtak for elevar med særskilde behov, og om desse vedtaka er i tråd med reglane i forvaltningslova.

3. Skulebasert vurdering

For å sikre at alle elevar får eit forsvarleg utbyte av opplæringa, er det ikkje tilstrekkeleg med vurderingar på individnivå. Skulane må i tillegg jamleg vurdere om deira eiga organisering, tilrettelegging og gjennomføring av opplæringa bidreg til at dei når måla for verksemda, og at dei må setje inn tiltak der det er behov for det. Dette aspektet blir sikra i tilsynet gjennom kontroll av skuen sitt arbeid med skulebasert vurdering.

Felles nasjonalt tilsyn 2014-17

Felles nasjonalt tilsyn 2014-2017 - har som hovudmål å sjå til at skulane rettar seg etter gjeldande regelverk i arbeidet med elevane sitt utbyte av opplæringa.

Tilsynet er delt inn i tre hovudområde:

  1. Skulen sitt arbeid med elevane sitt utbyte av opplæringa
    a. Skulen sitt arbeid med opplæringa i fag
    b. Undervegsvurdering for å auke eleven sitt utbyte
    av opplæringa
    c. Undervegsvurdering som grunnlag for tilpassa opplæring og spesialundervisning
    d. Vurdering av behov for særskild språkopplæring
  2. Forvaltningskompetanse (avgjerder om særskild tilrettelegging)
  3. Skulebasert vurdering