Formål med tenesta
Folke-/ skulebiblioteket:
Utlånsavdelinga består av bøker, lydbøker, video, DVD og musikk på CD og kassett.
Biblioteket sin database/katalog syner kva biblioteket har. I basen kan ein søkja på forfattar, tittel og emneord. Databasen er tilgjengeleg på internett.
Enkel rettleiar ligg ved terminalen. Spør personalet dersom du treng hjelp.
Musikk og videoavdelinga består av eitv rikt utval av musikk på kassett / cd og fagvideoar og videofilmar.
Infohagen:
Infohagen er ein arena for tovegs kommunikasjon i sanntid (t.d. videokonferanse). Vidaregåande opplæring og etter-/vidareutdanning kan såleis arrangerast lokalt, og det er lagt til rette for dette ved at infohagen er innreidd som eit grupperom med 9 elevplassar og ein lærar-/rettleiarplass.
Utstyret opnar òg for at kan både offentlege og private verksemder kan gjennomføra ulike former for møte i infohagen, som eit alternativ til å måtta reisa vekk.
Nedanfor er lista opp dei produkta som kan framstillast i infohagen, saman med dei elektroniske verktøya (programma) som pr. i dag er aktuelle å nytta i framstillinga av dei enkelte produkta.
Produkt Verktøy
Ø Web Ø FrontPage
Ø Publikasjonar Ø Publisher
Ø Bilethandsaming Ø Adobe Photoshop
Ø Lydopptak/redigering Ø Fleire aktuelle program
Ø Videoopptak/redigering Ø Pinnacle
Ø Kompetanse/kurs Ø Word, Excel, PowerPoint
Ø Marknadsføring Ø Publisher, Adobe Indesign
I den vidare utviklinga av prosjektet (KKA) vil me heile tida vera på leit etter kva for nye tenester me kan tilby ved å bruka pc-basert videoteknologi over breiband.
Tenesta gjeld
Kunnskapstun skal vera ein reiskap for trivsel, vekst og utvikling i lokalsamfunnet
- Kunnskapstun Aurland (KKA) omfattar folke-/skulebiblioteket og infohagen, og skal vera eit sterkt verktøy for trivsel, vekst og utvikling i Aurland.
- KKA skal fremja opplysning, utdanning og anna kulturell verksemd gjennom informasjonsformidling, kulturelle aktivitetstilbod og ved å stilla bøker, medium og anna høveleg materiale til disposisjon.
- KKA skal bidra til å styrka samhandlinga mellom ulike offentlege etatar og mellom det offentlege og det private næringslivet.
- KKA skal vera ein kunnskapsarena som understøttar vekst- og utviklingsprosessar frå ein startar i skulen, gjennom yrkeslivet og fram til høg levealder. Med andre ord ein arena som legg til rette for livslang læring.
- KKA vil òg leggja særskilt til rette for at
- vidaregåande utdanning kan gjennomførast desentralisert i samarbeid med Sogn jord- og hagebruksskule (SJH) og andre vidaregåande skular i regionen.
- etter- og vidareutdanning kan gjennomførast lokalt som fjernundervisning, gjerne kombinert med og fletta inn i ein vanleg arbeidssituasjon.
- KKA, Ressurssenteret ved SJH og næringsråda i kommunen kan fungera som utviklingsaktørar.
Kva er kravet for å motta tenesta ?
Service
Dei tilsette i KKA er opptekne av at dei som nyttar tenestene her føler seg velkomne, finn seg vel til rette og får god hjelp og rettleiing når dei treng det.
Lånereglar
Det er gratis å låna. Alle lånarar må ha lånekort. Lånekorta kan skrivast ut til alle - frå skulealder.
Lånetid
Utlånstida for bøker, lydbøker og musikk er 4 veker, mens lånetida for videofilmar er 1 veke.
Fornying av lån
Boklån kan fornyast inntil to gonger, dersom det ikkje er andre som ventar på boka. Har du hatt ei bok i tre månader, får du ikkje fornya lånet fleire gonger. Lån av video kan ikkje fornyast.
Forlenga lånetid
Dersom du skal vera vekkreist i lang tid - til dømes på ferie eller på arbeid i Nordsjøen - kan du be om å få utvida lånetida med ein gong. Me tek visse atterhald når det gjeld heilt nye bøker som mange er interesserte i å lesa.
Dersom bøker, lydbøker, musikk på Cd-rom/kassett eller video er utlånt, kan lånaren få reservert desse.
Avdeling for aviser, tidsskrift og lesekrok
I lesekroken står oppslagsbøker, handbøker og annan referanselitteratur. Her finn du òg tidsskrift og aviser.
Etter avtale kan òg TVen og videomaskina i infohagen nyttast.
Biblioteket samarbeider medandre bibliotek i heile landet. Litteratur som Aurland folke- og skulebibliotek ikkje eig, kan i hovudsak lånast inn frå andre bibliotek i inn- og utland. Denne forma for lån er gratis for personlege brukarar. Litteratur som blir fjernlånt må også erstattast av brukaren ved skade/tap.Kva forventar tenesta av deg?
Samarbeid om utvikling
Tips og innspel
Kvaliteten på tenestene som KKA yter, er i stor grad avhengig av eit godt samarbeid mellom tenesteytar og brukar. Dei tilsette i biblioteket er opptekne av at mediesamlinga (bøker/ lyd/ bilete) alltid er oppdatert, og dei som jobbar i infohagen vil gjerne tilby produkt som dekkar eit etterspurt behov hjå innbyggjarane. For å få dette til, treng me tips og innspel frå dei som nyttar tenesta.
Skikk og bruk
Når det gjeld samversformer i biliotek og infohage, kjem ein langt med vanleg folkeskikk.
Biblioteket er ein "stille-arena". Når me snakkar, skal det skje med dempa stemme, og over korte avstandar. Når det er kø ved utlånsskranken, ventar alle på sin tur.
Når elevgrupper nyttar bibliotek eller infohage utanom dei vanlege opningstidene, skal dette alltid skje under tilsyn av ein vaksen. Den vaksne har ansvar for at
- bøker og anna som skal lånast blir registrerte i utlånssystemet.
- materiell som elles blir nytta vert sett tilbake på rett plass.
I infohagen vil det alltid vera ein bruksrettleiar som har tilsyn med bruk av utstyr og rom.
Ventelistebøker
Bøker me har ventelister på, kan du ikkje ha lenger enn 4 veker. Dersom du ikkje vert ferdig med boka i løpet av denne tida, må du levera ho inn og føra deg på venteliste ein gong til.
Kva skjer om du gløymer å levera?
Dersom boka/videoen/CDen ikkje vert levert i tide, sender me purring. Den første purringa er gratis for bøker/lydbøker, medan det vert eit purregebyr på kr. 20,- på 2. gongs purring, kr. 40,- på 3. osv. For videofilmar gjeld purregebyret alt frå 1. purringa. Dersom bøker/videofilmar/CDar ikkje vert leverte tilbake, må dei erstattast.
Øydelagd eller tapt materiale
Dersom du mistar eller øydelegg det du har lånt, må du erstatta materialet. Fylgjande summar gjeld pr. 01.01.2005:
· Bøker/ lydbøker vaksne kr 400,-
· Bøker/ lydbøker barn kr 200,-
· Film (VHS/ DVD) og CD kr 200,-
Ein del bibliotekmateriale (til dømes videofilmar, kassettband og pocketbøker) er det stor slitasje på. Øydeleggjingar som skuldast allminneleg slitasje, slepp du å betala for.
Kva kostar tenesta?
Bibliotektenesteneer gratis. Jf. likevel punkta ovanfor om purregebyr og erstatning av øydelagt eller tapt materiale.
Infohagengjev tilbod retta mot ulike typar utdanning. Utdanning som er del av grunnopplæringa (grunnskule og vidaregåande skule) er alltid gratis. Ved tilbod knytte til etter- og vidareutdanning og ulike typar kurs, vil pris bli avtala i kvart enkelt tilfelle. Prisen skal i prinsippet ikkje vera høgare enn det som krevst for å dekka dei faktiske utgiftene til medgått materiale (t.d. kopiering på papir, DVD, CD, toner, kaffi, te, frukt m.m.).
Korleis søkja tenesta
Biblioteket og infohagen ligg i 1. etasje i nybygget på Aurland barne- og ungdomsskule (ABU). Hovudinngangen er på sida mot vegen, men i tillegg vil nødutgangsdøra på den andre sida alltid vera open i opningstidene for biblioteket.
I tillegg kan bøker tingast pr. telefon eller e-post for henting i resepsjonen på rådhuset.
Telefon skranke: 57 63 18 40
Telefon kontor: 57 63 18 41
Kvar kan du klaga?
Klager skal vera forma skriftleg, og kan leverast i skranken i biblioteket, eller sendast som post eller e-post til prosjektleiar KKA, Haakon Skjerdal 5745 Aurland.