I 2013 starta Aurland musikk- og kulturskule eit prosjekt: ‘Ungdommen tilbake til kulturskulen’, med midlar frå Norsk kulturskuleråd. Resultatet var eit samarbeid mellom kulturskulane i Aurland og Oppdal, med utveksling av undervisningsmetodar og kunnskap. Dette blei eit særdeles vellykka samarbeid, og begge skulane har besøkt kvarandre kvart år sidan. Så vellykka har det vore at me ynskjer å signere ein intensjonsavtale for ti år framover.

Om ikkje det er nok å feire, så er det i år 20 år sidan Norge fekk si eiga kulturskulelov, der kulturskuletilbod blei forankra som eit obligatorisk tilbod for alle norske kommunar. No 20 år seinare står norske kulturskular for ein ny milepæl: ein ny rammeplan for kulturskulane skal være eit steg i retning av å stadfeste musikk- og kulturskulane som eit ressurssenter i kommunane.

Frå måndag 22. mai til og med onsdag 24. mai kjem våre kjære kollegaer frå Oppdal på eit nytt besøk til Aurland. Med hjelp frå Norsk Kulturskuleråd Sogn og Fjordane skal me ha eit miniseminar kring rammeplanarbeidet. I tillegg har me lyst å presente oss for alle som har eit varmt hjarte for musikk- og kulturskulen.

Difor inviterer me til konsert, tysdag 23. mai kl. 17.00 i Trudvang kino. Lærarane frå begge kulturskulane skal opptre med eit variert program. Ordførar Noralv Distad skal markere Kulturskulelovens jubileum, og Ole Jakob Nedrebø skal markere arbeidet med rammeplan på vegne av Norsk kulturskuleråd. Og begge rektorane i dei to kulturskulane skal signere intensjonsavtalen. Konserten er gratis, og alle er velkommen!