Ole Jakob Nedrebø frå Norsk kulturskuleråd Sogn og Fjordane orienterte om  arbeidet med rammeplan for kulturskulane.

Rektorane i dei to kulturskulane Aurland og Oppdal skal signere intensjonsavtale om 10-årig samarbeid.

Rektor i Aurland musikk- og kulturskule Martin Henriks gav blomar til politikarane i Aurland, som frå 1984 har slutta godt opp om musikk og kulturskulen.

Ordførar Noralv Distad helsa frå Aurland kommune og markerte jubileet; les helsinga her:
Kulturskulelova er 20 år, det er vel verdt ei markering ! I Aurland vart det gjort vedtak om musikkskule i 1984, med oppstart i 1985. Det  vart straks ein stor suksess.

Musikkskulen og seinare musikk og kulturskulen har vore eit flott og populært tilbod til elevane. Veldig mange har fått utvikla sine talent og markert seg med sang, musikk og biletkunst både i Aurland og langt ut over kommunen sine grenser.

I dag har Aurland vel 100 elevar i musikk- og kulturskulen. Dette er meir enn eit fritidstilbod, det er og ein fantastisk ressurs for kommunen. Noko ikkje minst Aurland kommunestyre kan nyta godt av i samband med opninga av sine møte.

Gode lærarkrefter har og sett sitt klare preg på kulturlivet i Aurland, som dirigentar, komponistar, arrangørar  og som støttespelarar for lag- og organisasjonar.

”Alle kommunar skal åleine eller saman med andre kommunar ha eit musikk- og kulturtilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles.” Slik heiter det i kulturskulelova som vart vedteken 5. juni 1997.  I dag kan me feira ei lov som har vore og er til stor glede  for veldig mange, og som har gjeve oss rikare kulturliv.

Det starta med musikkskule, no er det musikk- og kulturskule -  og tida er kanskje inn for ganske enkelt å seia kulturskule.

Eg vil takka alle som har lagt ned ein stor innsats for at kulturskulen vår i dag er ein Juvel i Aurland si kulturkruna.

Aurland kommune vil markera 20-års jubileet for kulturskulelova med ei lita pengegåve.  Elevane gler oss med sine innslag i veldig mange samanhengar, og eg vonar gåva kan nyttast til å dekka kostnader i samband med dette.