English Deutsch  
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:

Kulturprisen 2011 er tildelt Sissel Aadnøy Aalen og Anders Aasen

Omsorg, oppvekst og kultur fatta dette vedtaket i møte 5. desember 2011:
Kulturprisen for 2011 er tildelt Sissel Aadnøy Aalen og Anders Aasen for innsatsen med å spreie song og musikkglede i 25 år.

Kulturprisen vart delt ut av ordførar Noralv Distad under julelunsjen til kommunetyre i rådhuskantina 15. desember 2011. Diploma er laga av biletkunstelevar ved Aurland musikk- og kulturskule.  

 

Grunngjeving for tildelinga av Kulturprisen 2011

Sissel Aadnøy Aalen og Anders Aasen starta å syngje saman i 1986. Begge to var medlemar av både songlaget og musikklaget. Anders begynte i Aurland Songlag i 1979. Sissel har 16 år i Aurland Songlag. Dei har begge lang fartstid i musikken. Anders har 52 år i musikken. Han begynte i Aurland Gutemusikk i 1953, og etter det har han vore i korps både i Hønefoss, på Voss, Andenes, i Aurland og til slutt i Flåm, der han er i dag. Han har fått 40 års medalje for lang og tru teneste. Sissel begynte i Aurland Musikklag i 1979, og fortsette i Flåm Musikklag frå 1983 der ho spelar i dag.Ho var òg i Musikk og kulturskulen i 5 år på 1990-talet.

Det heile starta litt tilfeldig med ein førespurnad om å syngje på eit pensjonistmøte. Sissel Aadnøy Aalen tok oppdraget, men fann då ut at det var best å få med seg ein syngjande kollega. Tilbodet gjekk til Anders, og musikk- og songlagskollegaen svara med ein gong ja til å utgjere ein lokal syngjande duo.

Etter dette vart det mange oppdrag på mange ulike arenaer. Dei har sunge på årsmøte, lagsmøte, bryllaup, julebord, julekonsertar, hagefestar på Helsetunet og andre tilstellingar.

Etter kvart vart det fleire og fleire førespurnader om å syngje i gravferder. Her har dei òg opptredd kvar for seg. Dei har òg sunge utanfor kommunen sine grenser.

I haust – nærare bestemt 24. september, feira dei 25 år som duo i Flåm samfunnshus saman med gode vener.

Me er stolte over å kunne heidre den flotte innsatsen til Sissel og Anders – den lokale songduen med Kulturprisen for 2011.

Kontaktinformasjon

Kulturprisen

Kontaktperson:
Hanna Borlaug
Telefon: 57 63 29 70
E-post: 
Hanna Hj. Borlaug


Besøksadresse:
Rådhuset

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland

 

Web levert av CustomPublish AS