Kulturmidlar – ei viktig påminning

Fristen for å søkje om kulturmidlar nærmar seg – fristen er 15. mars. Den må haldast. Søknad med alle vedlegg må vere sendt kommunen innan fristen 15. mars!

Hugs å leggje ved dokumentasjon på kva førre årets tildelte midlar er brukt til. Dette kan gjerast i samband med rekneskapen eller som eit eige vedlegg. Sjå i Retningslinene for kulturmidlar punkt 1, kulepunkt 4.

  • For å kunne få støtte til kulturmidlar er det eit minimum at årsmelding og rekneskap ligg ved.
  • For nokre lag er det krav om medlemsliste.
  • For tilskot til utbetring, som har ei maks. grense på 40 000,- skal søknaden innehalde teikningar, kostnader og finansieringsplan.
  • Når det gjeld tilskot til drift av forsamlingshuset, så kan det løyvast inntil 30% av dokumenterte utgifter frå straum, forsikring, kommunale avgifter, renter på lån og mindre vedlikehald. Rekneskap og årsmelding skal liggje ved. Årsmeldinga syner aktiviteten i huset.

Alle lag og organisasjonar skal ha fått tilsendt Retningsliner for kulturmidlar i Aurland kommune. Elles vil de finne Retningslinene på heimesida til kommunen eller på Kommunetorget.

Dersom du treng hjelp til utfyllinga, så kan du ta kontakt med biblioteket eller Kommunetorget.

Meir informasjon om Kulturmidlar 2018 finn du her

For nærare opplysningar om kulturmidlar – ta kontakt med Hanna Hjellum Borlaug, tlf. 57 63 29 00 eller e-post: hanna.borlaug@aurland.kommune.no

 

 

Kommunevåpen Aurland kommune
Kommunevåpen Aurland kommune
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
57 63 29 05


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland