Kulturmidlane skal ha som føremål å støtte opp om kulturarbeidet som vert drive av frivillige lag, organisasjonar og einskildpersonar. Det skal leggjast tilrette for å skape aktivitetar og å gje høve til eit allsidig og omfangsrikt kulturliv i heile kommunen.

  • Aurland kommune prioriterer tiltak som er retta mot barn og unge.
  • Det er ei fast hovudtildeling av midlar ein gong i året.
  • Rådmannen tilrår, og Levekårsutvalet gjer endeleg vedtak.
  • Det kan søkjast om tilskot til drift, særskilde tiltak/prosjekt, målretta ungdomstiltak/prosjekt og lagsverksemd.
  • Det kan søkjast om tilskot til drift av forsamlingshus.
  • Det skal lagast ein rapport som syner og gjer greie for kva årets tildelte kulturmidlar er brukt til. Frist for rapporten er 28.februar 2025 etter tildelinga.

Søkjarar må nytte elektronisk søknadsskjema, gå til søknadsskjema her.  Ta kontakt med kultureininga dersom de treng hjelp til utfyllinga. 
Det er viktig at både søknad og vedlegg kjem inn samla, og til rett tid. 

  • Ny søknadsfrist: 1.mars 2024
  • Søknadsfristen må haldast

Har du spørsmål, ta kontakt med Linn Janette Underdal Skarsbø 

Utsetjing av rapporteringsfrist for kulturmidlar 2023 -Ny dato: 14. februar!

Fekk du tildelt kulturmidlar i 2023 og har enno ikkje sendt inn ein rapport?

I samband med tildeling av kulturmidlar i 2023 så var rapporteringsfristen for midlane satt til 31. januar 2024, dette var nytt i samband med tildeling av midlane i 2023. Det vart gjort over 50 tildelingar for 2023, men me ser at det framleis er mange lag og organisasjonar som ikkje har sendt inn rapport.

Me ser at mange eldsjeler innan organisasjonslivet truleg er travle med å planleggja og organisera kjekke aktivitetar for sine medlemar, og at rapportering difor ikkje står fremst i pannebrasken. Me vel difor å utsetje fristen til 14. februar 2024.

 

Har du allereie rapporten klar så send den inn til post@aurland.kommune.no og merk e-posten «Rapport kulturmidlar 2023»

 

Har du spørsmål, ta kontakt på e-post: linn.janette.underdal.skarsbo@aurland.kommune.no