English Deutsch  
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:

Reglar for bruk av :

Konsesjonsavgiftsfondet

(Godkjent av Kommunestyret den 03.04.03 – sak 010/03)
(Revisjon 01 – godkjent av Kommunestyret den 18.12.03 – sak 089/03)
(Revidert av kommunestyret 26.04.07 KS 051/07)

1.      Innleiing
Det kommunale næringsfondet i Aurland kommune får sine midlar gjennom den årlege konsesjonsavgifta frå E-CO Vannkraft sine kraftverk i kommunen. Årleg påfyll til fondet utgjer konsesjonsavgifta og innbetalingar/renter av utlånte midlar. Næringsfondet skal vere eit verkemiddel i arbeidet med å styrkje næringsliv og busetting i kommunen. Fondet skal nyttast til å fremje etablering av ny næringsverksemd og til vidareutvikling av eksisterande næringsliv.
Samtlege personar som har etablert eller har planar om å etablere ei verksemd i Aurland kommune, kan få midlar frå det kommunale næringsfondet. I tillegg kan det gjevast støtte til kommunale etatar som har tiltak/prosjekt som kjem inn under reglane for fondet.
 
 
2.      Næringsfondet kan nyttast til:
Fondsmidlane kan nyttast til lån og tilskot på følgjande vilkår:
 
2.1.   Bedriftsutvikling
Til dømes:
        Undersøking og planlegging i samband med etablering av ny verksemd eller utvikling av eksisterande verksemd.
        Etablerarstipend/oppstartingstilskot.
        Ekstraordinære opplæringstiltak og marknadsføringstiltak.
        Produktutvikling.
 
2.2.   Investeringar i bedrifter
Til dømes:
        Utstyr/maskiner ved oppstarting eller utvidingar i mindre bedrifter.
        ENØK-tiltak.
 
2.3.   Kommunalt tiltaksarbeid
Til dømes:
        Næringsplanlegging.
        Stadsutviklingsprosjekt.
        Kompetanseutvikling.
        Samarbeidstiltak/fellestiltak
 
2.4.   Grunnlagsinvesteringar
Til dømes:
        Kjøp og opparbeiding av tomtegrunn for næringsutbygging.
        Oppføring og utviding av næringsbygg i kommunal eller privat regi.
        Planlegging og utbygging av næringsareal, sentrumsområder, bustadområder og anna.
 
3.      Spesielt om aksjar og andelar
Fondet kan teikne andelar eller aksjar i tiltak når særlege forhold tilseier det, men avgrensa til 30% av verksemda sin aksjekapital. Midlane frå fondet er i utgangspunktet ein toppfinansiering. Søknad om støtte vert difor ikkje handsama før det vert dokumentert at andre finansieringsinstitusjonar er prøvd. Fondsmidlane kan ikkje nyttast til samering av gjeld, driftstilskot til bedrifter eller til å finansiere den ordinære drifta av kommunen. Vidare vil det kunne stillast garanti for kommunale tiltak i den grad slike er gyldige garantiføremål i.h.t. §51 i Kommuneloven, jf. KRD sine forskrifter om kommunal garantistillelse.
 
 
4.      Lånevilkår
For lån som vert gjevne, må det sikrast pant i søkjaren sin faste eigedom, pant i driftsutstyr eller i fullgod pant i leigerett.
 
Følgjande standardvilkår skal gjelda for lån i Næringsfondet:
        Lånegrensa er 30% av kapitalbehovet.
        Så lenge lånet ikkje er nedbetalt, må tiltaket ikkje flytta ut av kommunen utan at fondsstyret gjev samtykke. Låntakaren skal driva den verksemda som er føresett for lånet.
        Lånetilsegn vert konvertert på grunnlag av byggerekneskap eller tilsvarande, og etter at det er godtgjort at arbeidet er utført, maskiner anskaffa m.v. i samsvar med godkjende planar innanfor ramma av den oppsette finansieringsplanen.
        Låntakar skal etter krav leggja fram revidert rekneskap, årsmelding eller driftsrapport for verksemda si.
        Pant skal haldast forsvarleg vedlike, trygdast m.m. og elles ikkje forringast utover slitasje og elde utan at det vert skriftleg opplyst til og godkjent av fondet.
        Heile lånet forfell til betaling dersom lånevilkåra vert misleghaldne eller at det vert handla i strid med føresetnadene.
        Eit lån kan etter søknad gjevast renteutsettelse og avdragsfritt ei viss tid.
        Dersom avdrag og renter ikkje vert betalte i rett tid, og dette etter søknad ikkje er godkjent, skal det betalast etterskots- og rentesrente m.p.t. 3,5% p.a. over den ordinære renta.
        Kommunen kan setje vilkår som gjeld driftstilhøva og om kompetanseutvikling hjå søkjaren.
        Fondet kan når som helst fastsetje nye rente-, avdrags- og oppseiingsvilkår.
 
 
5.      Stønad til oppstarting
Oppstartingstilskot og lån skal stimulere til nyetablering og nyskaping i Aurland kommune. Tilskotet er meint delvis å dekke ekstraordinære kostnader i oppstartingsperioden for nye verksemder.
 
        Tilskotsgrensa er inntil 30% av kostnadene, maksimum kr. 100.000.
        Lånegrensa er 30% av kostnadene. Dersom tilskott er innvilga, reduserast lånet tilsvarande.
        Nedre investeringsgrense er kr. 100.000.
 
Stønad kan ytast til:
        Nyetablering av verksemder i Aurland.
                Knoppskyting av verksemder i Aurland.
                Total omlegging av eksisterande verksemder i Aurland.
 
 
6.      Ulike tilskotsordningar for bedriftsutvikling
Prosjektet må ha ei samla nedre investeringsgrense på kr. 100.000.
Generelt vert alle prosjekt som fører til nye heilårs arbeidsplassar i kommunen prioriterte.
 
6.1.   Undersøking og planlegging
Tilskot kan ytast til utgreiing i samband med utvikling av eksisterande eller nye verksemder.
Tilskotsgrensa er inntil 30% av kostnadene, maksimum kr. 100.000.
 
Slike utgreiingar kan vera:
        Tilstandsanalyse – totalanalyse av verksemda.
        Tekniske, økonomiske og organisasjonsmessige analysar.
 
6.2.   Produktutvikling
Tilskot er meint å fange opp og stimulere til auka satsing på utvikling og omstilling i verksemder i Aurland.
Tilskotsgrensa er inntil 30% av kostnadene, maksimum kr. 100.000.
 
Tilskot kan ytast til slike prosjekt:
        Produktivitetsfremmende tiltak basert på utvikling av eksisterande og kjend teknologi.
        Ekstern hjelp til tekniske vurderingar som t.d. produktundersøking, testing av materiale og produkt.
        Utvikling av produktidear i små verksemder eller hjå einskildpersonar.
 
6.3.   Marknadsundersøking – marknadsføring
Marknadsføringstilskot kan ytast til følgjande tiltak:
        Marknadsføring av nye produkt.
        Marknadsføring av eksisterande produkt på nye geografiske marknader.
        Marknadsføring av eksisterande produkt til nye bruksområde.
 
Tilskotsgrensa er inntil 30% av kostnadene, maksimum kr. 100.000.
Alternativt kan Aurland kommune og yta fagleg hjelp og støtte til slik marknadsundersøking.
 
6.4.   Opplæring
Ordninga er meint å stimulere til å heve kunnskapsnivået hjå leiarane og nøkkelpersonell i verksemdene i Aurland.
Slik opplæring vil verte organisert gjennom Aurland Næringsråd som eit generelt tilbod til alle bedrifter/organisasjonar i Aurland kommune.
 
7.      Særlege tilskotsordningar
 
7.1.   Anleggstilskot til bærdyrking.
Til bærdyrking kan det gjevast anleggstilskot, dvs. tilskot til dekking av kostnader med planter, stolp, plast og vatningsutstyr.
 
Det kan ytast tilskot til desse kulturane:
               Bringebær/moreller:          kr. 6.500 pr. dekar.
               Jordbær/solbær:                kr. 5.500 pr. dekar.
 
Det skal plantast minst 1 dekar, og plantematerialet skal vera statskontrollerte planter. Det vert elles sett krav om at bærfelta vert planlagt av rettleiingstenesta.
 
7.2.   Kjøp av mjølkekvotar.
Til kjøp av mjølkekvotar kan det gjevast eit tilskot på inntil 30% av dokumentert kjøpesum.
Eit utbetalt tilskot skal betalast tilbake dersom tilskotsmottakar sel kvoten innan 5 år frå kvoten blei kjøpt.
 
7.3.   Tilskot til jorddyrking.
I Aurland er det små ressursar dyrkingsjord. Det som er att er ofte uforholdsmessig dyrt å dyrka.
Aurland kommune kan yte tilskot til dette formålet med kr. 3.400 pr. dekar.
 
7.4.   Tilpassing til offentlege krav.
Etablerte bedrifter som vert påført vesentlege investeringskostnader som følgje av nye generelle offentlege krav utan at dette utløysar auka inntening, kan søkje om tilskot og lån. Det er ein føresetnad at verksemda ikkje har gjennomført omfattande utbygging siste 5 år med kommunal medfinansiering, der desse pålegga med rimelegheit skulle vore innbakt. Nedre investeringsgrense for investeringskostnader utløyst av offentlege pålegg vert kr. 100.000.
Det kan ytast tilskot med 30% av kostnaden avgrensa til kr. 100.000.
Dersom det samstundes vert ytt lån til same føremål, vert lånedelen avgrensa slik at samla yting vert 30%.
 
8.      Utbetaling av tilskot
Tilskot skal betalast ut i to terminar. Femti prosent når halvparten av eit tiltak er gjennomført, og resten når det ligg føre stadfesting av at arbeidet er utført med prosjektrekneskap.
Landbrukskontoret føretek stikkontroll på inntil 10% av tilsegnene etter punkt 7 før utbetaling av tilskot.
 
Det er ein føresetnad at tiltaket vert drive fullt ut i minst 3 år. Fondstyret har høve til å krevje tilskotet tilbakebetalt dersom ein finn ut at tiltaket ikkje er gjennomført i høve planane som låg til grunn for tilsegnet.
 
9.      Sjekkliste for lån og tilskot frå Næringsfondet
 
A.     Søknadsbeløp og kva slags type tilskot det vert søkt om.
 
B.     Nærare utgreiing om bakgrunnen for søknaden.
      Føremålet med bedrifta/prosjektet/tiltaket.
      Framtidsutsikter.
      Sysselsetjingseffekt.
      Driftsplan.
 
C.     Finansiering
      Korleis investeringa/prosjektet/tiltaket er tenkt finansiert.
 
D.    Kven står bak søknaden
 
E.     Andre opplysningar
(utfyllast så langt det er mogleg)
      Rekneskapsbyrå, kontaktperson, tlf.
      Revisor, kontaktperson, tlf.
      Banksamband, kontaktperson, tlf.
 
F.      Rekneskap/budsjett
      Rekneskap/årsmelding (gjeld etablerte bedrifter).
      Driftsbudsjett (gjeld alle søkjarar).
 
 
10. Sakshandsaming
Søknad om lån og tilskot frå Næringsfondet sendast til:
 
Aurland Næringsutvikling as
Postboks 5
5741 Aurland.
 
 
11   Fondsstyre
Aurland Næringsutvikling gjev tilråding i alle søknader om lån og tilskot til næringsutvikling, slik det er heimla i reglar for bruk av konsesjonsfondet (næringsfond).
 
Aurland Næringsutvikling as skal utarbeide årlege budsjettframlegg, reglar og rutinar for søknader og sakshandsaming av desse. 
 
Budsjett godkjennast av kommunestyre. Reglar for sakshandsaming skal godkjennast av konsesjonsfondstyre
 
Alle søknader om lån/tilskot skal sakshandsamast av Aurland Næringsutvikling as
Denne retten er avgrensa til reglane sine punkt 1-6, punkt 7.4 og punkta 8 og9.
 
Søknader på over kr. 500.000 skal endeleg godkjennast av kommunestyret.
Aurland Næringsutvikling skal gje kvalifiserte råd om korleis låne og tilskots søknadene vert utforma og kan utarbeida spesifikke søknadskriterier som styret skal praktisere høve noverande reglement. Styret må vurdere om ein skal innføre terminhandsaming av søknader der ein på førehand har kunngjort dette offentleg.
 
Aurland Næringsutvikling skal leggja fram halvårlege rapportar som syner disponeringa av lån/tilskot, rådgjevingstenester og oppnådde resultat. Kvart år skal det utarbeidast årsmelding.
 
 
 
 
 
 
 
 

 

Kontaktinformasjon

Telefon: 57 63 29 00
Telefaks: 57 63 29 01
SMS: 959 84 649


E-post:
post@aurland.kommune.no

Besøksadresse:
Rådhuset
Aurlandsvangen

Opningstider:
Måndag-fredag 8.00-15.30

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland

Organisasjonsnummer: 964968063
Kommunenr.: 1421

Statlig informasjon

Web levert av CustomPublish AS