Føremålet med konsekvensutredningar er at omsynet til miljø og samfunn vert teken til vurdering under utarbeding av planar, og når det vert teke stilling til om, og eventuelt på kva vilkår, planen kan gjennomførast.

Krav om konsekvensutredningar gjeld for regionale planar og kommuneplanar som set retningslinjer eller rammar for framtidig utbygging, og for reguleringsplanar som kan få vesentleg verkand for miljø og samfunn.

Eit viktig arbeid med KU vil vera å greie ut relevante og realistiske alterativ. Kva alternativ som skal utgreiiast, og på kva nivå, vert bestemt gjennom eit planprogram.

Handsaming av KU er teken med som ein integrert del av planhandsaminga og er nærare utgreidd under Plan- og bygningslova sine bestemmelsar for den einskilde plantypen.

Ta gjerne kontakt med plansjef Ingunn B. Skjerdal for meir informasjon.