Gevinstane med å auke kompetansen innan forvaltningsrett ser vi vil kunne vere mange. Sentrale tema i samband med studiet har vore habilitet, krav til saksførebuing, klagehandsaming, partsrettar, innsyn og kjennskap til ulike rettskjelder.

Overordna målsetting er å sikre god sakshandsaming og at Aurland skal vere ein open og sørvisinnstilt kommune. I dette ligg det både å ivareta rettstryggleiken til innbyggjarane, sikre forsvarleg forvaltning av fellesskapet sine ressursar, samt hindre maktmissbruk.

I tillegg til dei 22 som har teke eksamen, har fleire tilsette følgt førelesningane. Bilete ovanfor er teke på første samling i februar.