Kommunereforma - endeleg avgjerd
Kommunestyret gjorde i møte 16.06.2016, sak 052/16, vedtak om at Aurland kommune held fram som eigen kommune.
Kommunestyret gjorde i møte 16.06.2016, sak 052/16, vedtak om at Aurland kommune held fram som eigen kommune.
Alle kommunane i Norge skal seinast 01.07.2016 ta stilling til om dei vil slå seg saman med andre kommunar, eller halda fram som eigen kommune. I Aurland vert saka om Kommunereforma - endeleg avgjerd handsama i formannskapet 9. juni og i kommunestyret 16.juni.
Rådmannen si tilråding: Kommunestyret vedtek at Aurland kommune held fram som eigen kommune.
Innbyggjarane har gjeve eit klart råd om at Aurland framleis skal vera eigen kommune.
220 aurlendingar har nytta høve til å førehandsrøysta. 220 er 14,87 prosent av innbyggjarane med røysterett ved dette valet.
Folkerøystinga vert avslutta kl. 19.00 i grendene, kl. 20.00 på Vangen. 220 aurlendingar har nytta høve til å førehandsrøysta. 220 er 14,87 prosent av innbyggjarane med røysterett ved dette valet.
Informasjonsmateriell om kommunereforma er ferdig trykt. Det vert distribuert til innbyggarane i ettermiddag, tysdag 26. april.
Telemarksforskring har laga samandrag av moglege fordelar og ulemper med alternativ Voss, Vik og Aurland, samt alternativ om å stå åleine.
Dato for grenda- og folkemøte om kommunereforma før folkerøystinga 23. mai:
27/4 kl. 17.00 Gudvangen ( Ungdomshuset på Skjerping)
27/4 kl. 19.00 Undredal ( Undredal skule )
28/4 kl. 17.00 Flåm ( Flåm samfunnshus)
28/4 kl. 19.00 Vassbygdi ( Ungdomshuset i Vassbygdi)
9/5 kl. 18.00 Aurland (Kommunestyresalen, rådhuset)
Kommunestyret har vedteke at det i samband med kommunereforma skal haldast folkerøysting i Aurland 23. mai. Folkerøystinga skal avhaldast i alle valkrinsar i kommunen. Det vert høve til å førehandsrøysta i rådhuset frå 2. mai.