Kommunedelplan for næring
Med heimel i Plan- og bygningslova §§ 11-4 og 11-12 har Aurland kommunestyre i møte 10.02.2011, sak 004/11, vedteke oppstart av kommunedelplan for næring inklusiv landbruk.
Føremålet med planarbeidet er at planen skal bidra til å etablera ein forankra næringspolitisk plattform og sikra maksimal styrke i arbeidet med å gjennomføra planen og oppnå måla for næringsarbeidet i Aurland. Kommunedelplanen skal danna grunnlaget for konkrete satsingar og samarbeidsprosjekt i framtida. Samstundes gjev planen bedrifter, næringslivsorganisasjonar og bønder klare signal om kva retningsval nærings- og landbrukspolitikken i Aurland kommune vil ta.
Planprogrammet vart vedteke av kommunestyret i sak 044/11. Planprogrammet kan lastast ned her.
Aktuelt akkurat no:
I samand med planarbeidet ynskjer Aurland kommune å få utarbeidd ein samfunns- og næringsanalyse som grunnlag for planen. Dette ligg ute til anbod til og med 20.02.2012.
Nærare opplysningar til planarbeida kan ein få ved å vende seg til:
Aurland kommune, rådgjevar Jan Olav Møller, tlf 57 63 29 73.