English Deutsch  
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:

Nynorske litteraturdagar

I 2013 går Nynorske litteraturdagar av stabelen helga 1. - 3. november. 
 

Nynorske Litteraturdagar 2010 Foto: Gasta

Kva er Nynorske Litteraturdagar?

Då Nynorske Litteraturdagar såg dagens lys i 2006 med Aurland kommune som arrangør, var det ut frå eit ønskje om å skape eit større kulturarrangement, tufta på noko som er karakteristisk for området vi bur i. Det var difor heilt naturleg å ta utgangspunkt i det nynorske språket, dialektane, litteraturen og forfattarane.
 
Det tek tid å byggje opp nye kulturtiltak. Mange vil nok hevde at det nynorske språket ikkje er det enklaste utgangspunktet for å skape attraktive kulturtilbod med ein brei publikumsoppslutnad, og mange var nok skeptiske. Til tross for det, syner utviklinga at Nynorske Litteraturdagar er i ferd med å få på plass det publikumsgrunnlaget som skal til for etablere seg som ein fast årleg kulturfest.
 
Verkemidla våre er breidde og mangfald i programmet, og med sterk vekt på å utvikle tiltak som appellerer til ulike målgrupper. Nynorske Litteraturdagar skal vere meir enn språk og litteratur. Ulike uttrykksformer høyrer saman, utfyller kvarandre og formar ein heilskap, som språk, litteratur, kunst og musikk. Alle desse handlar om formidling og sansing, og difor har det vore naturleg å integrere dei i arrangementet. Maten, med utgangspunkt i det lokale, høyrer og naturleg med når det skal skapast gode opplevingar.   

Aurland kommune er stolte av å stå bak kulturtiltaket Nynorske Litteraturdagar, og vonar det kan vere med på å bidra til at både kommunen og Sogneregionen vert ein enno betre stad å vere, både for fastbuande og besøkande.
 
Sjå nettsida til Nynorske Litteraturdagar for meir informasjon www.nynorskelitteraturdagar.no
 
 
 
 Logo Nynorske Litteraturdagar

 

 
 

 

Kontaktinformasjon

Kulturfagleg ansvarleg i Aurland kommune:
Haakon Skjerdal

Telefon:57 63 29 71
Mobil: 95 49 44 82
E-post:
Haakon Skjerdal

Besøksadresse:
Rådhuset         

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland

Web levert av CustomPublish AS