Etter Plan- og bygninglova § 10-1 har kommunen plikt til å utarbeida kommunal planstrategi minst ein gong i kvar valgperiode. Planstrategien må vera vedteken seinast innan 1 år etter kommestyrets konstituering. Det er viktig at dette arbeidet startar tidleg etter kommunevalget. Det gjev det nye kommunestyret moglegheit for å vurdera og ta stilling til kva planoppgåver som er viktige å arbeide med i kommunestyreperioden.
Planen må sjåast i samanheng med Strategisk handlingsdel med økonomiplan.
Vedteken Kommunal planstrategi vil vera tilgjengeleg på Aurland kommune sine heimesider, under "Planar og prosjekt".
Ta gjerne kontakt med rådgjevar Jan Olav Å. Møller for meir informasjon.