I Aurland er kommunen, BaneNor, kraftprodusent, forsking og konsulentmiljøa i gang med eit pilotprosjekt på flom og flomskredvarsling for å visa korleis lokal varsling kan gjerast raskt og systematisk slik at kommunen kan få eit verktøy for å prognosera lokale skadeflommar i bratte vassdrag.

Verktøyet vert utarbeida av ei gruppe ekspertar/ forskarar innan vèrvarsling, modellering av flomutvikling og varsling av potensiell fare for jordras. Pilotprosjektet i Aurland skal demonstrera for kommunar i liknande situasjonar at eit effektiv varslingssystem kan utarbeidast lokalt og førebu kommunen til å agera raskare og meir treffsikkert under kommande krisesituasjonar med ein varsla storflom og fara for flomskred.

For å kunna gjera dette krev det førebuingar og samarbeid mellom mange samfunnsaktørar som i dag rår over nyttig informasjon og har sine eigne data og beredskapsrutinar for eigne føremål. Prosjektet skal demonstrera korleis alle tilgjengelege data kan tolkast og vert i bruk teke for lokale flomvarsel, som kommunen kan bruka til å setja beredskap og eventuelt evakuera tidsnok i forkant av at faren oppstår. Nyskaping oppstår ved at prosjektet kartlegg eksisterande datakjelder, informasjonsflyt og kommunikasjonslinjer samstundes som det vil forbetra dei lokale flomprognosane gjennom å utvikla moderne teknikkar som værdatanalyse ved bruk av kunstig intelligens.

Klimaforsking viser at nedbøren kan auka med mellom 5 og 30 prosent i dette århundre, og framskrivingane tilseier at det vert meir intens nedbør som igjen kan auka faren for enkelte typar flom og skred (Meld St. 33 2012-2013).

Den lokale forvaltinga har eit betydeleg ansvar for å tilpassa seg endra risiko med heimel i gjeldande lovverk gjennom plan og bygningsloven, Naturskadeloven og lov om sivilt vern. NVE har forvaltingsansvar for statlege tiltak gjeldande naturskadar, kartlegging og varsling, og dei leverer regionale varsel som gjeld mange kommunar utan å kunna predikera der dei vondaste flommane kan oppstå lokalt.

Situasjonar som har hendt dei seinare år (Kvam, Odda, Voss, Flåm, Egersund, Kvinesdal, Bjerkreim og Feda), viser at sjølv store hendingar ikkje alltid vert varsla i forkant slik at kommunal beredskap kan verta i tide sett i verk. Dei regionale varsla gjev ein indikasjon på at kritisk vêr kan koma, men er for lite spesifikke for lokale nedbørområde og enkeltvassdrag.

Kor store konsekvensar auka flomfare vil ha er avheng av evna til samfunnet, høve og vilje til å ta omsyn og aktivt tilpassa seg desse klimaendringane. 

Utfordringane til kommunen vert løyst basert på røynsler med og innsikt i årsaker til uheldige naturgitte hendingar og korleis ein kan forhalda seg til slike. Flom i elv kan i nokon grad forhindrast med flomdemping ved dammar i regulerte vassdrag. Beredskap i form av varsling der kritiske værhendingar er analysert ved forsking kan gje bebuarar varsling i forkant av alvorlege hendingar. Feilvarsling og unaudsynt evakuering reduserer tillit og forårsakar angst og utryggleik blant bebuarar i utsette område.

Vassrelaterte skredhendingar som flomskred og jordskred kan varslast ved kunnskap om terskelverdiar for nedbør eventuelt òg snøsmelting. Dette kan gjerast ved å studera hendingar der måling av nedbør, vèr-radar og vèr prognosar vert gjennomgådd. Lokale tilhøve gjev ulike terskelverdiar for hendingar og lokal nedbørmåling er påkravd. Tidlegare analysar av vèrradar der timesnedbør kan summerast viser at ved observasjonar i sann tid kan ein vise flomskredsituasjonar som er under utvikling. Presise vèrprognosar trengst i tillegg som informasjon om terskelverdiar vert overskridt eller ikkje.

Studium av nedbørforløp fram til hendingar har gjeve metodar for terskelverdiar i ei rekkje land og som kan tilpassast og vert nytta lokalt. Dette inneber kunnskap om nedbørmengder, intensitet på nedbør og avtakande kritisk nedbør etter kvart som nedbøren kjem.

Bruk av nye meteorologiske modellar og metodar kan forbetra lokal varsling vesentleg.

Regional varsling av flomskredfare som vi har i dag kan brukast til å skjønna at noko er under utvikling. Denne varslinga er likevel for lite presis for lokale tilhøve og vil gje for hyppige evakueringer om han leggjast til grunn i kommunal ROS -analyse.  Nyare undersøkingar/studiar gjev indikasjonar på betydelege lokale variasjonar i nedbør noko dei regionale klimameldingane og varslingar ikkje fangar opp.

Administrativ ansvarleg for prosjektet er Bjørn Sture Rosenvold i Aurland kommune. Ulrik Domaas i NGI er fagleiar for prosjektet.