Klart for nye nominasjonar til Draumestipendet - ny frist 12. januar 2018

100 nye kulturutøvarar skal i perioden mai-juni 2018 få til saman 1,5 million kroner i form av Draumestipendet 2018. No er jakta på gode Draumestipendkandidatar i Aurland i gang !

I år vert det delt ut 100 stipend à 15 000 kroner, til saman 1,5 million kroner. Det er kulturskulen sin rektor i Aurland kommune som er ansvarleg for å nominere unge kulturutøvarar til Draumestipendet. I kommunane vert det gjennomført eit grundig juryarbeid før det vert nominert.

Alle som ynskjer å bli vurdert som draumestipendkandidatar vert oppfordra til å ta kontakt med kulturskulen i eigen kommune så fort som muleg for å få meir informasjon om fristar osv.

Aldri vore gjevare

Aldri har det vore gjevare å ta i mot eit Draumestipend. Stipendutdelarane Norsk Tipping og Norsk kulturskuleråd forventar at det i år vil bli over eit halvt tusen nominasjonar. Og det vert gjort stas også på mange av de nominerte som ikkje når helt fram til stipendmålet i 2017.

– Hundre utøvarar får årlig tildelt velfortente draumestipend. Men også blant dei andre nominerte er det enormt mange dyktige og glødande kulturutøvarar med fine draumar for sitt kulturuttrykk. Også disse fortener anerkjenning og synleggjering for si utøving, og det får dei, seier Lars Emil Johannessen, prosjektleder for Draumestipendet.

15. gong

Dette er 15. gong Draumestipendet vert utdelt i regi av Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping. Alle norske kommunar kan levere ein nominasjon i kvar av kategoriane:

 dans, musikk, sirkus, skapande skriving, teater, visuell kunst og anna.

Stipendmottakarane er ungdom mellom 13 og 20 år som utøve ulike kulturelle uttrykk. Målet med både nominasjonen og stipendet er at mottakarane skal få motivasjon til å utvikle seg vidare og muligheit til å få oppfylt nokre av sine kulturdraumer.

Lyst til å søkje? Ta  kontakt med

Martin Hendriks – tenesteleiar for kultur –

martin.hendriks@aurland.kommune.no 

Ny frist er 12. januar 2018.

 

MEIR INFO: drommestipendet.no  

Draumestipendet består av 100 stipend à 10 000 kroner - til saman ein million kroner. Stipendordninga er et samarbeidsprosjekt mellom Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping. Gjennom denne stipendutdelinga ynskjer vi å synliggjere kommunane sitt arbeid for barn og unge. Vårt håp er at Draumestipendet skal være ein verdifull inspirasjon og et viktig bidrag til å oppfylle unge kulturutøvarar sine draumar.

Dramestipendet på 10 000 til Vilde
Arkivfoto frå 2013: Dramestipendet på 10 000 til Vilde
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune, sentralbord
Telefon: 57 63 29 00
Telefaks: 57 63 29 01
SMS: 959 84 649

Kommunal beredskapstelefon / teknisk vakt utanom kontortid:
tlf. 57 63 29 05 / 959 84 600
(beredskap brann, kommunale bygg, veg, vatn og avløp)

Kommunal beredskap