Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområde i Aurland kommune

Kommuneplannemnda i Aurland kommune vedtok i oktober 2016 oppstart av eit prosjekt for å kartlegge og verdsette områder for friluftsliv i kommunen, dette arbeidet har no starta opp.

Friluftslivsområdekartlegginga er eit nasjonalt tiltak forankra i Nasjonal strategi for aktivt friluftsliv og Folkehelselova. Det er eit verkemiddel for å identifisere areal i kommunen som blir brukt til friluftsliv. Dette bidreg til å auke kunnskapsgrunnlaget for å kunne ivareta god arealplanlegging i kommunane.

Arbeidet i den einskilde kommune skal følgje metoden skissert i Miljødirektoratet si rettleiar M98-2013. Ei fleirfagleg arbeidsgruppe i kommunen skal kartlegge, kategorisere og verdsetje alle viktige friluftsområder i kommunen. Resultata blir publiserte i Naturbasen. Dette er ei rein temakartlegging dvs. resultata er ikkje juridisk bindande. Døme på type friluftsområde er leike- og rekreasjonsområde, grønkorridorar, nærturterreng og utfartsområde.

Det er eit mål at alle kommunar skal ha gjennomført kartlegging av friluftsområda innan 2018. Sogn og Fjordane Fylkeskommune har leigd inn FNF – «Forum for natur og friluftsliv» som prosjektkoordinator i fylket. Dei skal informere og følgje opp kommunane undervegs i prosjektet.

I Aurland kommune er det sett ned ei arbeidsgruppe frå administrasjonen: Anja Marken, Unni Grønsberg, Hallgeir Høydal, Kurt Karlsen og Ingunn Bårtvedt Skjerdal. Arbeidsgruppa kjem til å ta kontakt med andre aktuelle personar og organisasjonar som kan bidra med lokalkjennskap til friluftslivsområda i kommunen. Alle innbyggarar er velkomne til å komme med innspel til arbeidet.

Ta gjerne kontakt med arbeidsgruppa v/Anja Marken (e-post: anja.marken@aurland.kommune.no ) om du har innspel eller spørsmål.

Lenkjer:

 

Kartlegging av friluftsområda i Aurland - arbeidsgruppa
Kartlegging av friluftsområda i Aurland - Anja Marken, Ingunn Bårtvedt Skjerdal og Unni Grønsberg i arbeidsgruppa
Kartlegging av friluftsområda i Aurland - kart
Kartlegging av friluftsområda i Aurland - kart
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
57 63 29 05


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland