English Deutsch  
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:

Julehelsing frå ordføraren

Ordførar Noralv Distad
Ordførar Noralv Distad

Desember er med sine korte dagar den mørkaste månaden i året. Samtidig er dette månaden med dei største forventningane, dei største gledene og då me tenner dei fleste lysa.

Ingen slepp heilt unna førebuingsarbeidet før jul. Men det er nettopp denne litt hektiske aktiviteten som og gjev oss tid til å kosa oss, gå på konsertar, gje kvarandre gåver og vera mykje i lag med familie og venner.

Barna si ekte glede er i tråd med jula sin glade bodskap og kan setja standard for oss alle. Det er fint om me kan visa omtanke til dei som treng det litt ekstra nettopp i juletida.

Kommunale tenester er sjølvsagt viktige, men i ei stærstilling står alltid den omtanken me viser for kvarandre.

Eg ønskjer alle både ei fin adventstid og ei retteleg God Jul !

Noralv Distad
Ordførar

 

Kontaktinformasjon

Telefon: 57 63 29 00
Telefaks: 57 63 29 01
SMS: 959 84 649


E-post:
post@aurland.kommune.no

Besøksadresse:
Rådhuset
Aurlandsvangen

Opningstider:
Måndag-fredag 8.00-15.30

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland

Organisasjonsnummer: 964968063
Kommunenr.: 1421

Web levert av CustomPublish AS