ISPS vakter og sesongmedarbeidarar 2018

Aurland Hamnevesen KF skal tilsetja medarbeidarar i Flåm hamn for sommarsesongen 2018. Sesongen startar med første cruiseskip i mars og varer ut i oktober. I hovudsak rettar aktiviteten seg mot fartøy i turistfart og ein legg vekt på at gjestene skal få ei god oppleving. Hamnevesenet søkjer difor omgjengelege og serviceretta medarbeidarar som utfører arbeidsoppgåvene på ein pliktoppfyllande måte.  

ISPS-vakt

Cruisekaien i Flåm er ei ISPS-hamn og er underlagt internasjonale reglar som set avgrensingar på tilgjenge til kaiområdet. Vaktmannskapa skal sikra hamneområdet mot uønskte hendingar og alle personar og køyretøy skal kontrollerast før dei får tilgjenge til hamneanlegget. Vaktmannskapa hjelper til med fortøying. I tillegg til dette kjem rydding, reinhald og søppelhandtering på og rundt hamneanlegget. Hamnevesenet syter for opplæring. Tal på arbeidstimar fordelt over heile sesongen ligg vanleg mellom 300 og 400 timar. Løn etter tariff.

Me søker personar med:

  • Fleksibilitet i forhold til arbeidstid
  • God fysisk helse
  • Kommunisera godt på Norsk og Engelsk
  • Utadvent og imøtekommande
  • Erfaring innan ISPS eller vakthald

Sesongmedarbeidar

Aurland Hamnevesen skal tilsetja ein medarbeidar til førefallande arbeid på hamneanlegga i kommunen. Dette i perioden 1. mars til 30. september. Det meste vil vera praktiske oppgåver som vedlikehald, tilsyn og andre varierte oppgåver. Peronen må og delta i fortøying av skip og inngå i naudsynt opplæring i ISPS. Andre arbeidsoppgåver kan forekomma. Løn etter tariff.

Me søker ein person som:

  • Har erfaring med praktisk arbeid
  • God fysisk helse
  • Fleksibel i forhold til arbeidstid og arbeidsoppgåver
  • Løysningsorientert

Søknaden sendast innan 15. januar 2018 pr. e-post til jon.olav.stedje@aurland.kommune.no

Spørsmål kan rettast til assisterande hamnesjef Jon Olav Stedje på telefon 97 62 73 82 eller e-post jonolav@aurlandhavn.no

 

 

Aurland Hamnevesen KF
Aurland Hamnevesen KF
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune, sentralbord
Telefon: 57 63 29 00
Telefaks: 57 63 29 01
SMS: 959 84 649

Kommunal beredskapstelefon / teknisk vakt utanom kontortid:
tlf. 57 63 29 05 / 959 84 600
(beredskap brann, kommunale bygg, veg, vatn og avløp)

Kommunal beredskap