Invitasjonen:

Til ordførarane i Voss, Vik, Årdal og Lærdal

Eg viser til vedtak i Aurland kommunestyre 4. februar 2016, attgjeve nedanfor, og inviterer til møte med:

  • Voss og Vik kommunar

  •  Årdal og Lærdal kommunar

Aktuell dato er 15. februar, eventuelt 12. februar.
Eit evt. neste møte er aktuelt 19. februar.

Det er sjølvsagt separate møte, men likevel ønskjeleg frå vår sida at dei vert gjennomført på same dag.

Fint om de kan gje rask tilbakemelding om det høver desse dagane.

Beste helsing

Noralv Distad
Ordførar
Aurland kommune

Vedtak i Aurland kommunestyre 4. februar 2016:
Kommunestyret viser til føreliggjane utgreiingar om kommunereforma og legg opp slik prosess vidare:

  1. Konkretisering av føresetnader for å halda fram som eigen kommune.

  2. Konkretisering av aktuelle alternativ for kommunesamanslåing.

  3. Aktuelle alternativ vert lagt fram for innbyggjarane i ei rådgjevande folkerøysting

Formannskapet får i oppdrag å møta kommunar i Sogn og kommunane Voss og Vik for å drøfta om det er grunnlag for å utarbeida meir konkrete alternativ for kommunesamanslåing, evt. i form av intensjonsavtalar. Formannskapet skal og føreta ei vurdering av føresetnadene for å halda fram som eigen kommune.  I det vidare arbeidet skal ein vurdera tenester, samfunnsutvikling, lokaldemokrati, økonomi og avstandar.

Dersom formannskapet finn grunnlag for å innleia forhandlingar om intensjonsavtale,  skal tillitsvald vera representert  med talerett og rådmannen deltek som sekretær.

Formannskapet gjev tilbakemelding og eventuell tilråding til møtet i kommuestyret 10. mars.


Her finn du aktuelle dokument i arbeidet med kommunereforma