Logo www.misak.no

Ny nettportal for elektronisk

Innbyggarinitiativ

Kommunal- og regionaldepartementet har opna eigen nettportal for innbyggarinitiativ elektronisk.

Gjennom nettportalen www.misak.no kan innbyggarar komme med framlegg om saker i eigen kommune og samstundes samle underskrifter til støtte for saka.

Med nok underskrifter har den som kjem med framlegg om sak krav på å få den handsama i kommunestyret i kommunen eller i fylkestinget i fylkeskommunen.

Når den som har kome med framlegg om sak har samla inn tilstrekkeleg med underskrifter, vil han eller ho kunne sende den oversikten på e-post til postmottaket til kommunen.

Kommunal- og regionaldepartementet ønskjer med nettportalen å bidra til eit betre lokaldemokrati og styrke høve for innbyggarar til å komme fram med saker i kommunen, som dei meiner kommunen bør ta opp

Gå til nettportalen www.misak.no her

Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Politisk sekreteriat

Margunn Tolleshaug

Telefon: 57 63 29 35
Mobil:971 36 237

E-post:
Margunn Tolleshaug

Besøksadresse:
Rådhuset, Kommunetorget

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland